For meg er ikkje bompengar, eller andre enkeltståande saker, avgjerande når eg skal stemme i val.

Men i bompengesaka har både Rødt og Frp ei prinsipiell haldning som eg er svak for.

Begge partia er motstandarar av bompengar, og meiner det er staten som har ansvaret for å finansiere vegbygginga i landet.

Problemet med bompengar er at det er ei heilt flat avgift som ikke tek omsyn til kor tjukk lommeboka til dei køyrande er. Bompengesatsane varierer - etter kvar du køyrer, når på døgeret det er og kanskje etter korleis luftkvaliteten er den dagen - men aldri etter kor god eller dårleg råd du har.

Dei aller fleste av oss ser på bilen som eit gode i dei private liva våre. Det finst likevel mange argument mot at den er eit gode, og miljørørsla og venstresida minner oss stadig om dei. Trass i alle dei gode argumenta - opplevinga er at privatbilen er komfortabel, praktisk og effektiv i dagleglivet.

I eit anna perspektiv er bilen noko skikkeleg drit. Bokstaveleg talt.

Kvar gong eg vrir om tenninga på den bensindrivne stasjonsvogna til familien startar eg opp ein mobil giftfabrikk som eg altså krev retten min til å rulle rundt i distriktet med.

Og eg er langt frå aleine. Det får eg ei påminning om kvar gong eg køyrer i krabbefart over Danmarksplass i eit kollektivt privatbiltog (med éin person i kvar bil), eller køyrer i privatbil-kolonne bak ein tunglasta trailer opp «gymnasbakken» på fylkesvei 57. Vi som køyrer på vegar legg beslag på store areal, og vi bidreg i rikt monn til klimaproblema i verda.

Vi må vege ulike omsyn mot kvarandre, men det er er uansett eit faktum at bompengar er ein flat avgiftssats som rammar minstepensjonisten og lokalavisredaktøren med lik økonomisk tyngde.

No er ikkje dette eineståande for bompengar. Vi har fleire slike flate avgifter i samfunnet. I helsevesenet har vi til dømes eigendelar på mange tenester. Jo oftare du treng å gå til legen, jo dyrare vert det (inntil eit visst tak). På den andre sida har vi òg nokre flate ytingar frå det offentlege. Barnetrygda er lik for rik og fattig.

Statens vegvesen opplyser at «hovudformålet med bompengefinansiering er å få til raskare utbygging av infrastruktur på veg. I tillegg er det opna for å nytte bompengar på andre område, som å styrke kollektivtransport i byområde». Og det fungerer.

Talet på kor mange som har stige om bord på eit kollektivt transportmiddel har dei siste åra gått bratt oppover, samstundes med at det er bygd veg og bane i eit sjeldan høgt tempo.

I Bergen har Bergensprogrammet (og no Byvekstavtalen) fått kommunen over i ein ny æra innan samferdsle og byutvikling. Programmet har vore heilt avhengig av spleiselaget mellom kommunen, fylkeskommunen og staten. Bompengar har vore sentral i finansieringa av nye vegar som «Ringveg vest», og byrevolusjonen Bybanen hadde neppe vore realpolitisk mogleg utan bompengar.

Bompengar set fart på utbygging, og får fleire til å reise kollektivt.

Her nord om brua kjem Nordhordlanspakken til å gje eit løft i infrastrukturen som elles ikkje hadde vore realistisk.

Det store problemet er at vi kan vere komne dit at folk med god råd kan køyre det dei orkar, medan andre må telje bompasseringar og får ein meir tungvint kvardag.

Det same gjeld næringslivet: Kor går smertegrensa for verksemder som har høg trafikk gjennom bomstasjonar både i byn og i omegnskommunane?

Samstundes: Slik det fungerer no er bompengar glidemiddelet som skal til for å få pengane til å skli ut av den store, statlege pengebingen.

Eit prinsipielt nei til bompengar er kanskje eit godt grunngjeve, politisk standpunkt, men akkurat no er det eit standpunkt heilt på sida av debatten og realpolitikken. Den lokalpolitikaren som seier nei til bompengeprosjekter no, seier i realiteten nei til alle samferdsleutbyggingar av ein viss storleik.

På både kort og mellomlang sikt er nok bompengane komne for å bli. Spørsmålet som går an å ta opp, er kva for eit nivå det samla bompengetrykket skal vere på.

Bompengar er ei usosial avgift, men det er klart at kor usosial ho er kjem an på kor høg avgifta er. Det er klart at kor usosial den er kjem an på kor høg avgifta er, og kor ofte vi må betale ho. Når det kjem bomstasjonar både i Vågsbotn, på Flatøy, i Isdalstø og ved Gjervik, så er det på tide å ta ein pust i bakken.

Det er på høg tid å ta ein overordna debatt om kor stor del av rekninga for dei lokale samferdselsgilda staten skal ta.

Er det eigentleg godt grunngjeve at milliardrekning etter milliardrekning vert velta ut i vegbana som hindringar for nyetablerte småbarnsforeldre på veg for å hente i barnehagen?

Kvifor kan ikkje suksessprosjekt som Bybanen verte finansierte via felleskassen, ein kasse som i Norge i stor grad er fylt opp ved hjelp av naturressursar og progressiv skattlegging?

Kor går smertegrensa vår for å individualisere og privatisere utgiftene til å byggje infrastruktur som eit fleirtal i samfunnet meiner det er behov for?

Eirik Langeland Fjeld, redaktør, Strilen