Alver Senterparti støttar Fagforbundet i kommunane i Nordhordland og Gulen i at all transport av bosset vårt framover skal gjerast av fast tilsette i selskapet som me alle eig, NGIR. Det er og positivt at Alver Arbeiderparti har engasjert seg i denne saka, og som Senterpartiet seier dei og "Nei til anbod i NGIR".

Alver Senterparti vil oppmoda styremedlemmane i selskapet vårt NGIR at dei i neste veke stemmer for at transportarbeidet skal gjerast av fast tilsette i renovasjonsselskapet framover også. Alver Senterparti vil merka seg grundig kva dei politiske representantane i styret her vil stemma for. Dette kan verta avgjerande for kva parti Senterpartiet vil samarbeida med i neste kommunestyreperiode i Alver kommune.

Alver Senterparti vil såleis ha ein god og effektiv renovasjonteneste i eigenregi. På den måten kan me saman gje alle arbeidsfolka som arbeider med bosset vårt trygge, men og gode arbeids- og pensjonsvilkår. Det fortener arbeidsfolka som gjer dette viktige arbeidet for oss alle, i all salgs ver og året rundt. Alver Senterparti vonar at dei politiske partia sine representantar i styret vil la seg styra av eit humant og framtidsretta menneskesyn, og ikkje kynisk pengetelling her.