Nyleg vart eg og to andre vêrfaste på Fedje fordi ferja (vikarferja Utne, altså) vart innstilt på grunn av uvêr medan me var på kommunestyremøte. Hadde det vore MF Fedjefjord, hadde det aldri skjedd, men det er ei anna historie.

Etter så mange turar til Fedje som eg har hatt, er det eigentleg eit under at eg ikkje har blitt vêrfast der før, men ein gong måtte bli den første. Og det merkelege er at det aldri har bekymra meg fordi eg veit at ingen på Fedje let folk sitja å frysa i bilen på kaien så lenge dei veit du er der.

Ein gong eg kom akkurat for seint til åtteferja og neste ikkje skulle gå før halv ti, sutra eg berre litt på Facebook, så sat eg plutselig på kjøkkenet til tidlegare ordførar Kristin Handeland og gubben og åt pannekaker og drakk kaffi.

Ein annan gong eg hadde rota litt med ferjetidene, vart eg invitert på pizza heime hjå styraren i barnehagen, Kristine Rossnes.

Men dette visste ikkje dei to direktørane frå Haraldsplass diakonale sykehus. Dei hadde aldri vore på Fedje før, og skulle berre ein kjapp tur for å informera i kommunestyret om kor flott det nye lokalsjukehuset vårt er blitt.

Difor vart det naturlegvis full panikk då eg pikka dei to damene på skuldra og viste dei tekstmeldinga frå Norled. Eg prøvde å trøysta dei med at det kom til å gå heilt fint og at me garantert kom til å bli godt ivaretekne.

– Men er det noen plass å bo her da? Og har de mat her? Vi har ikke spist siden lunsj, sa dei to lettare stressa medan dei teksta vilt til familie og jobb.

Etter kvart oppdaga fleire på møtet at ferja var innstilt og snudde seg til oss og smilte. Og i pausen kom både ordføraren, formannskapssekretæren og kommunekasseraren bak til oss og lova dei skulle ordna tak over hovudet til oss.

– Er de svoltne også?

– Jaaaa, sa Kjerstin Fyllingen og Åse Nordstrønen i kor.

Då møtet var ferdig, sa ordføraren at det berre var å kjøra ned på Kafé Losen, så ville Freddy vera klar med pizza og frukost til oss. Kafeen var eigentleg stengt og Freddy hadde ferie, men så lenge han var heime, skulle det berre mangla, sa han då me takka djupt for sørvisen.

Ein pizza og eit glas raudvin seinare, visste dei to damene det meste som er verd å vita om Fedje. Og dei var ikkje i tvil:

– Her skal me tilbake, både privat og med jobben!

På lemmen på Kafé Losen sov me som ein stein på kvar sitt kammers medan vinden og regnet piska på vindaugo. Og neste morgon stod frukosten klar i kjøleskapet og ferja klar til avgang på kaien.