Strilen er i endring.

Lesarane har heilt andre krav til avisa i dag, enn for ti eller fem år sidan. Teknologien og økonomien har endra heile mediebransjen, og gitt nye vilkår for Strilen.

Over år har lokalavisa forandra seg ganske dramatisk. Tenk berre kva som har skjedd når det gjeld frekvens for utgjevingane, nettavis, e-avis og sosiale medium.

I dag er det ei sjølvfølgje at Strilen kjem ut på papir, og at avisa har ei nettutgåve som vert oppdatert sju dagar i veka, 365 dagar i året. Lesarane våre spør etter e-avis, levande bilete, direktesendingar, Instastories og Fb-postar.

Ingen veit heilt sikkert kva som kjem til å skje rundt neste sving, og no kjem svingane tettare og raskare en nokon gong tidlegare.

Det som er heilt sikkert er at det kjem til å verte fleire endringar i og rundt avisa. Som redaktør er ambisjonen min at vi skal nytte kvar endring til å gjere Strilen til ei betre avis. Eg må legge til «samla sett».

For når vi gjer endringar i avisa, so er det nesten alltid nokon som ikkje likar endringane.

Eit faktum i livet generelt - og i avislivet spesielt - er at for å kunne gripe noko nytt, so må du ofte sleppe noko anna.

Vi har akkurat sett opp ei gruppe med journalistar som skal følgje det som skjer i regionen minutt til minutt frå morgon til kveld heile veka gjennom. Du vil merke at Strilen er meir på hugget på aktuelle hendingar framover.

På nettutgåva vår kan du følgje det som skjer, når det skjer - og i desse dagar lanserer vi tekstbasert live-studio på strilen.no, med fortløpande nyheiter frå Strilen-redaksjonen og lenkjer til Nordhordland-nyheiter i andre medium.

Eg har tidlegare skrive at vi framover kjem til å droppe og skrive førehandsomtaler om kommande arrangement. Samstundes vil vi satse meir på kvalitet, og litt mindre på kvantitet. Eg trur det er viktigare at sakene i Strilen er gode og interessante, enn at dei er mange.

Vi kjem óg til å reindyrke Strilen som lokalavis. Vi dekkjer åtte kommunar innanfor Nordhordland og Gulen, og i denne samanhengen er vi geografiske sjåvinistar.

Strilen har mange trufaste lesarar av papiravisa. Mange synest avis er best når det er mogleg å bla i papiret med fingrane. Dei fingrane har mange gode Strilen-sider å gle seg til.

Papiravisa kjem etter alt å dømme til å vere eit av dei viktigste produkta frå Strilen i mange år framover. Men óg papiravisa kjem til å endre seg. Ho kjem til å verte meir kompakt med meir relevant lokalstoff for nye og gamle strilar.

Frå og med denne veka tar vi bort det tradisjonsrike TV-programmet fra papiravisa. Dei ledige sidene vil vi fylle med endå meir stoff om og frå Fedje, Austrheim, Gulen, Masfjorden, Modalen, Radøy, Meland og Lindås!

Strilen er Nordhordland, og vi vil ha 100 prosent fokus på området vårt.

Utover våren kjem det fleire nye tilbod til Strilen-lesarane.

Har du Strilen-abonnement sit du heilt fremst med glaset, og har perfekt posisjon til å sjå og høyre om alt det spanande som skjer i regionen vår.

Strilen kjem til å endre seg, litt om gongen - og vi skal endre avisa til å verte tydelegare, meir relevant og meir aktuell. Vi skal altso gjere Strilen betre.

Har du innspel til korleis Strilen kan verte ei betre avis for Nordhordland og Gulen? Send meg gjerne eit ord på eirik.langeland.fjeld@strilen.no.

Ha ei god februar-veke! Til helga er det vår! :)

Vennleg helsing

Eirik Langeland Fjeld,

ansvarleg redaktør