Svar til dei hovedtillitsvalde, som hadde innlegg i Strilen 11. mai, og på strilen.no:

Ja, kommunereforma er ei stor og omfattande reform, som heilt klart vil krevja ekstra innsats frå mange.

Inndelingslova og Intensjonsavtalen mellom dei tre kommunane er grunnlaget for det arbeidet Fellesnemnda no driv. Både i eksisterande kommunar, i fellesnemnda og i Alver kommune vil tillitsvalde og folkevalde ha felles mål, men ulike roller.

I Departementet si målsetjing for kommunereforma heiter det: «Målene for reformen er gode og likeverdig tjenester til innbyggerne, en helhetlig og samordnet samfunnsutvikling, kommuner som er bærekraftige og økonomisk robuste, og et styrket lokaldemokrati.»

Dersom ein skal styrkja lokaldemokratiet er det nærliggjande å tenkja styrking av det leddet som driv lokaldemokratiet, det vil sei dei folkevalde, for som kommunane sin eigen organisasjon KS seier: «Dei folkevalde gjer hovudjobben i demokratiet vårt. Det er dei som skal fatte vedtak, utøve kontroll og sjå til at kommunens «leveranse» til innbyggjarane er i samsvar med det dei har krav på og forventningar om.»

Det vert hevda at Dep. har vore tydeleg på at dei tildelte reformmidlane ikkje skulle gå til dei politiske partia. Kor tydeleg Dep. er kan nok diskuterast, for dei skriv også i same utgreiing: «Departementet forutsetter at kommunene benytter midlene der de finner det best, i tråd med Stortingets intensjoner.»

Når styrking av lokaldemokratiet er eitt av satsingsområda for reforma, kan det ikkje vera så «umusikalsk» at dei som driv demokratiarbeid også får sin del av dei 55 mill. som er tildelt for å byggja Alver kommune.

Fleirtalet i fellesnemnda meiner det er viktig at partia vert sett i stand til å gjera den store partimessige jobben innan dei tidsfristane som gjeld før Alver kommune startar opp. Og uansett partistøtte ligg det mykje dugnadsarbeid framfor oss fram mot og inn i 2020.

Alver kommune skal vera ein godt driven kommune under sterk folkevald styring. Det vil me investera i.

Dei tillitsvalde har sine rettar nedfelt i Hovedavtalen mellom partane i kommunesektoren, herunder retten til frikjøp for å kunna utøva rollen som tillitsvald. I fellesnemnda sitt budsjett er det sett av 1.25 millionar til frikjøp for arbeid med reforma. Det vil alltid vera ulike syn på om det er nok, og det kan vera ei sak som må vurderast i prosessen.

Det er også sett av 1 mill. til «Informasjon, involvering og kulturbygging tilsette».

Om ei møtegodtgjering på Kr 1.000,- er grådig får andre vurdera. Då satsen vart fastsett hadde Sp framlegg om at det berre skulle betalast godtgjering for eitt møte per dag, sjølv om det t.d. er arbeidsmøte i forkant av fellesnemnda. Dette framlegget fekk tilslutning berre frå Ap, og dermed fall det.

Det er me folkevalde som har det øvste ansvaret for kommunen, og som gjennom fleirtalsvedtak tek avgjerder. Slik også i denne saka. Arbeidet til dei folkevalde skjer i stor grad i dei lokale partilaga, på kveldstid og utan personlege godtgjersler.

Ingen partikassar er store, men me ser det som ei nødvendig investering å sikra lokaldemokratiet for å byggja ein god kommune.

Størstedelen av arbeidet og kostnadene ved å byggja Alver går på tilsette- delen og internorganiseringa for tenesteytinga. Slik skal det vera, men alle tener på at lokaldemokratiet har ressursar til å gjera sin del av jobben for alle.

Innlegget er felles for desse representantane i Fellesnemnda:

Framstegspartiet: Bjarte Vatnøy, Nina Stabell Øvreås, Øyvind Bratshaug.

Høgre: Karl Vågstøl, Nils Marton Aadland, Normann Sæbø.

Senterpartiet: Anna K. Valle, Jon Askeland, May Britt Gjerde, Sølvi Knudsen.

Venstre: Sveinung Toft.