Årets sommar er ikkje berre fint vær og gode badeforhold. Den er også eit forvarsel på konsekvensane av at klimaet endrar seg. Sommaren vi har hatt i år, ikkje berre i Noreg, men i heile Europa og andre stader i verda bør vekkja folk frå dvalen - jorda kokar, mens vi sit lett svett og apatiske ved temperaturmålaren og seier muntert «esje dette hærlig dokkar?».

Sidan eg flytta til Oslo i slutten av mai har gradestokken vist over 20 gradar i hovudstaden, med unntak av seks dagar i juni. For ein Nordhordlending har sjokket over samanhengande periodar med varme og lite nedbør vore stort, men i samtale med langtids Oslo-buarar, kjem det fram at dette ikkje er «normalt».

«Den nye normalen»

Klimaforskarar seier vi må belage oss på at dette kan bli «den nye normalen». Noko temperaturvariasjon er sjølvsagt naturleg, men det er liten tvil blant forskarane at ein stigande andel av denne variasjonen er det vi som har forårsaka. Menneskeleg aktivitet har auka den naturlege konsentrasjonen av karbondioksid i atmosfæren i eit forrykande tempo, noko som forsterker jordas drivhuseffekt. Det er dette vi kallar global oppvarming.

Konsekvensane som følgje av den globale oppvarminga - hyppigare og meir intense hetebølgjer og ekstrem nedbør - har gått raskare enn forskarane førespegla. Sidan førindustriell tid, har gjennomsnittstemperaturen på jorda stige med éin grad og meir enn to gradar, nord for Steinkjer. Nøyaktig kva denne temperaturendringa vil seie for livet på jorda, for vilkår for matproduksjon, for menneska, dyra og naturen si tilpassingsevne, veit ingen. Men vi veit at éin grad temperaturauke på hundre år er tjue gongar raskare enn dei klimatiske endringane jorda opplevde då ho tinte opp etter førre istid. Vi kan nok anta at vi berre så vidt har begynt å sjå konsekvensane.

Ei endring i gjennomsnittstemperaturen på jorda påverkar versystema. Varmare luft i atmosfæren og høgare temperaturar aukar mellom anna sjansen for lyn- og tordenaktivitet. I heile Europa er talet skogbrannar i år 43 prosent over «normalen». 19. juli var det registrert 11 aktive brannar i Arktis, som har opplevd temperaturar 20 gradar over «normalen» denne sommaren. Dei aller fleste av desse brannane kom til som følgje av lynnedslag.

Frå Japan via Sverige til Nordhordland

Dei lokale konsekvansane har vore enorme over heile verda. Vegar som smeltar, tørke, flaum, vassmangel, varmerekordar, og skogar som står i brann. Hetebølgjer og periodar med ekstremnedbør blir lengre og meir intens. Førre veke kunne Japan registrere den høgaste temperaturen nokonsinne, berre to veker etter at 2 millionar menneske måtte flykte frå heimane sine og over 200 personar miste livet grunna ekstremnedbør og flaum.

Effekten av klimaendringane har vi fått føle på kroppen også her heime denne sommaren. Varmen og tørken har råka hardt fleire stader. Både i Meland, Lindås og på Osterøy har brannmenn- og kvinner kjempa mot flammane dei siste vekene. Dei får med rette heider for arbeidet, men dei som oss må førebu seg på meir ekstremver - auka brannfare, auka tørke, auka flaumfare - i åra som kjem. Dette er prisen verda betalar for skyhøgt forbruk, kontinuerleg press på naturressursane og ein verdsøkonomi som er avhengig av produksjon av fossile brensler.

Sjølv om tørken og varmen denne sommaren kanskje ikkje direkte provar klimaendringane, viser dei like fullt kva konsekvensar vi kan forvente av eit klima i endring. Ikkje fordi klimaet har endra seg slik at kvar sommar framover vil vere like varm og tørr som denne, men fordi høgare temperaturar i snitt fører til meir energi i atmosfæren, som igjen fører til hyppigare og sterkare ekstremvær. Den regntunge sommaren i fjor og årets kokande varme gir gode indikasjonar på kva som kan bli «den nye normalen».

Eg håpar sommaren 2018 vekte oss frå dvalen!

Menneske gløymer fort og med tida ser vi kanskje tilbake på sommaren 2018 som «strålande og god». Men vi må ikkje la den deilige sommaren lure oss. «Den nye normalen» er kome for å bli og den har med seg langt fleire trugslar og ulemper som kastar mørke skuggar over målestokken som kryp over 30 gradar. Tida då vi snakka om «å unngå klimaendringane» er diverre forbi. Det er på tide å snakke om korleis vi kan avgrense omfanget og tilpasse oss «den nye normalen» vi foreløpig veit lite om. Eg håpar at sommaren 2018 vekte oss frå dvalen!