– Med dampen som symbol i kommunevåpenet til Alver vil vi synleggjera den store betydninga som fjordabåtane har hatt for bygder og grender på strilelandet opp gjennom åra. Dampen revolusjonerte fjordafarten. Han representerte eit kvantesprang inn i ei ny tid. Reisa vart med eitt uavhengig av vêr og vind. Dampen kom og gjekk, som regel til oppsett tid. Han var til å lita på, og slik sett kan dampen sjåast på, ikkje som avleggs, men berande på kvalitetar som aldri går av moten. Han var trufast, han var treffsikker, han var effektiv.

Dampen bidrog til trivnad, til mobilitet, til opplysning. Når dampen kom, møttest folk. For å ta imot andre folk, for å reisa sjølv eller berre for å fretta nytt frå bydn eller frå nabogrender. Dampen vart strilelandets rolege puls, han gjorde bygdene vitale og tilgjengelege, og ikkje minst gjorde han byen tilgjengeleg for bygdefolket.

Dampen kledde strilelandet godt. Mange av dei eigenskapane som ein kan tileigna dampen, kjenneteiknar også folket som han tente. Traust og trygg og trivnadsskapande. Påliteleg, arbeidssom, nøysom. Vakker, ikkje minst. Når vi i dag ser dampen gli lydlaust inkluderande langsetter strendene, legg vi særleg merke til kor grasiøst han fer fram. Medviten sitt oppdrag, men utan nokon gong å bli brautande eller påtrengjande.

«Paa tronge vegar stig det store tankar», heiter det i eit av dikta til lyrikaren Olav Nygard. Dampen samla folk, han vart ein møtestad, ja, kanskje kunne han også vera si tids tankesmie, der laus prat fekk vengjer og vart til store tankar som var med å forma, ikkje berre si samtid, men også viste veg inn i framtida.

Dampen, med alt han førte med seg, rommar såleis mykje meir enn berre forteljinga om ei tid som har vore. Han ber med seg også lovnaden om ei tid som kjem.

FRAMLEGG 1: Vert dette Alver sitt kommunevåpen? Framlegget er frå Claus Sellevoll, utarbeidd av grafisk designar Stine Åsebø Olsen. Foto: grafisk designar Stine Åsebø Olsen
FRAMLEGG 2: Vert dette Alver sitt kommunevåpen? Framlegget er frå Claus Sellevoll, utarbeidd av grafisk designar Stine Åsebø Olsen. Foto: grafisk designar Stine Åsebø Olsen