I helga var det Bjørn West-marsj for 36. gong. Eg har vore med på marsjen mange gonger. Flest som journalist, men også ein og annan gong som privatperson, for å gå den lange eller den korte løypa.

Før årets arrangement regna det i bøtter og spann i fleire dagar, men på sjølve marsjdagen letta regnet, og etter ei stund kom til og med sola på besøk. Litt over 400 menneske trakka seg i veg gjennom terrenget. Breie smil undervegs og yrande liv på middagsserveringa i Stordalen fjellstove etterpå, tydde på at mange hadde ein flott dag. Men Bjørn West-marsjen er ikkje berre ein turmarsj.

Bjørn West-marsjen vart starta for å minnast det som hende i Matrefjella i siste del av 2. verdskrig. Turen (og då spesielt den eldste og lengste av dei to rutene) går forbi mange av dei stadene som det er knytt spesielle hendingar til under krigen. Og marsjen vert alltid avslutta med ei friluftsgudsteneste og ei minnemarkering der dei få som er att av styrken som kjempa i fjella her, vert heidra for innsatsen.

Det begynner å bli lenge sidan krigen. For min generasjon er krigen noko me lærte om på skulen og har høyrt besteforeldre fortelja om. Men eg trur ikkje denne marsjen døyr ut, sjølv om det på eit tidspunkt ikkje vil vera fleire Bjørn West-veteranar igjen som er i form til å delta på markeringa. For, som det ofte vert påpeika i minnetalane i Stordalen. Jo lenger det vert sidan krigen, jo viktigare vert det å minnast den.

Krigen er viktig å minnast, fordi freden ikkje kom gratis og fordi me aldri meir vil ha krig. Den er også viktig å minnast fordi me veit at sjølv om me er heldige at me bur i eit land med fred og ytringsfridom, så er det mange andre som ikkje gjer det. Så takk til alle dei som arrangerer marsjen og som jobbar som frivillige i løypa for at folk både skal få ei flott turoppleving og for at me som kjem etter, skal få eit glimt av historia.