Me i ungdomsrådet på Fedje er einige i at me skal få ha mobil på skulen. Ikkje nødvendigvis for me er desperate, men for me føler oss både komfortabel og betre med det. For ikkje alle har dei sosiale evnene til å sosialisere seg som andre. Nokon trivst best med å slappe av med YouTube, og nokon trivst best i andre sitt selskap. Alle kunne gjerne ynskje at dei kunne ha vore litt mindre på mobilen, og litt meir ute i det sosiale. Det gjelder ikkje berre oss ungdommar, det gjelder heile samfunnet.

Me har vore oppvakse med mobil sidan me var små. Dette har rett og slett blitt ein del av kvardagen vår, om det er lurt eller ikkje kan diskuterast. Men tross alt kan ein jo bruka mobilen til mange ting. Det var jo ein grunn til den blei oppfunnen.

Mange skular meiner ein bør ha mobil på skulen, mange meinar omvendt. Svaret om ein bør eller ikkje, finn me nok ikkje ein fasit på. Det er forskjellige meiningar i verda, og det må me respektere. Likevel ynskjer ungdomsrådet på Fedje å fortelje si meining.

Elevrådet på Fedje skule har jobba hardt for å bli høyrd dei siste to åra. Det har ikkje alltid vore lett, og dei har stått på.

Me har sjølve ein i ungdomsrådet som har vore i elevrådet, når denne saken har pågått. Han seier at det ikkje alltid har vore like lett. Det har blitt gjennomført anonyme spørjeundersøkingar, og fleirtalet valde mobil på skulen.

Kvifor skal elevane ikkje ha retten til denne prøveperioden? Det betyr ikkje at me støtter at ein skal bruke mobilen heile dagen. Visst det blir eit problem at ditt born er for mykje på mobil i skulen, burde det heller vore noko som hadde blitt diskutert i heimen, og ikkje latt det gått utover andre.

Så skal det jo og seiast at me sit ikkje på mobilen heile tida! Me går ut, leikar, har fritidsaktivitetar og som oftast har me fått kontakt via sosiale medium, men me er jo i aktivitet? Sist, men ikkje minst, kan jo alle vere einige i at det er godt med ein pause, og slappe av. Dette gjeldt jo ikkje berre ungdommane?

Grunnen til at me skreiv dette innlegget var for å vekke hovudsaklig foreldra sin oppmerksamheit, for å skjønne at de unge har også ein meining.. Me kan jo og seie at om me hadde tatt frå foreldre mobil eller tv, hadde jo dei reagert og. Me vil oppfordre alle til å faktisk tenkje seg om når det gjelder denne saken. Det er fleire synspunkt.

Frida, Amalie, Maren og Marius i ungdomsrådet på Fedje