Eg skreiv i november eit lengre innlegg om vindkraft på land i fjellområda i Nordhordland, Stølsheimen og i  Lindås, men eg må berre enno eingong få understreke kvifor dette er ein svært dårleg ide.

• Vindkraft gir varige spor, og det er altså snakk om gedigne industriområder på fjellet , i rekreasjonsområder og friluftsområder som er i bruk kvar einaste dag.

• All utbygging av vindkraft krev mykje areal til vegar , oppstillingsplassar og annan infrastruktur.

Det er ein grunn til at mange er bekymra for fugleliv og artsmangfald, men også over at store naturområder vert  båndlagt og at dei vert endra dramatisk .

Fjellområda kor turbinane ofte blir plassert vert for alltid endra og kan ikkje tilbakeførast den dagen konsesjonen vert avslutta eller andre omstende gjer at turbinane stoppar.

Klimaendringane skal vi ta på alvor og vi må jobbe raskt og grundig med omstillinga til det grøne skiftet. Overgangen til eit samfunn basert på fornybare energikjelder er viktig.

MEN: vi hugse på at også vasskraft er fornybar og den har vi mykje av i Hordaland . Solenergi er også fornybar og vindkrafta er fornybar, men den meiner eg vi skal ha til havs. Flytande vindturbiner og teknologi til desse er i dag kome svært langt, er lønsom og vert nytta av fleire land i Europa . Equinor er også i front med sine prosjekter både i Norge og utanfor landets grenser. Universitetet i Bergen er også i front på dette området .

NTNU i Trondheim sine heimesider kan vi lese fylgjande om havvind og eg siterer :

«Skal vi nå klimamålene i henhold til Parisavtalen må vi bygge ut vindkraft til havs. Vi ser store havvindprosjekter i Danmark, England og Tyskland og det bygges uten å være avhengig av subsidier. Norge har naturgitte store fordeler med hensyn til havvind. Vi har store havområder og godt med vind. Vindkraft kan bli en av de sentrale næringene etter «oljealderen».

Også regjeringen er opptatt av havvind og seier dette i Granavolden erklæringa : «Bidra til realisering av demonstrasjonsprosjekt for flytende havvind, bølgekraft og tidevannskraft.»

Dette gir håp, og dette  er framtida for dei klimautfordringane vi har både lokalt , nasjonalt og globalt.

Eit anna viktig aspekt er vårt eige forbruk. Her har vi mykje å gå på og vi kan alle bidra med å få ned forbruket i kvardagen.

La oss difor satse på andre tiltak i klimakampen slik at dei store uheldige lokale naturinngrepa i urørt natur og verdfull natur vert stansa .

Vi må ikkje kome dit at vi må velge mellom klimareduksjoner og naturmangfald.

Så er eg glad forat eg er invitert av KS til å vere med i referansegruppa for eit forskningsbasert prosjekt om vindkraft og den nasjonale rammeplanen for vindkraft. Det er NBIR som har fått dette oppdraget og eg fylgjer godt med på dette.

Vi treng i dag og for framtida heile naturen med alt sitt mangfald. Mennesket sitt behov for naturopplevingar og ferdsel i natur og den vesle urørte naturen vi har att er undervurdert .

Eg vil avslutte med to vers frå diktet «Ved Rondane»

Aasmund Olavson Vinje skreiv dette i 1861 og er like aktuelt i dag. Eg håpar inderleg at eg i framtida kan seie og syngje som diktaren :

No ser eg atter slike fjell og dalar
som dei eg i min fyrste ungdom såg.
Og same vind den heite panna svalar:
Og gullet ligg på snø som før det låg.
Det er eit barnemål som til meg talar
og gjer meg tankefull, men endå fjåg.
Med ungdomsminne er den tala blanda.
Det strøymer på meg så eg knapt kan anda.

Ja livet strøymer på meg, som det strøymde
når under snø eg såg det grøne strå.
Eg drøymer no, som før eg alltid drøymde
når slike fjell eg såg i lufti blå.
Eg gløymer dagsens strid, som før eg gløymde
når eg mot kveld av sol eit glimt fekk sjå.
Eg finner vel eit hus som vil meg hysa
når soli heim til natti vil meg lysa.

Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås kommune og ordførarkandidat for Alver KrF.