Kjære folk!

Eg registrerer at det er bompengedebatt i lokalavisene att.

Ikkje mellom lokalpolitikarar og engasjerte veljarar, slik som det gjerne var før. Nei no er det statsråder og nasjonale partitoppar som skriv i lokalavisene.

Resten av debatten pågår i avisene sitt lavterskeltilbud: kommentarfeltet på Facebook.

Og det er fascinerande å sjå korleis bruken av splitt og hersketeknikkar i politikken har påvirka folk.

Livsløgna til fleirtalet har i mange mange år vore: Det er ingen veg utenom, me må ha bompengar….

Utviklinga ifrå engasjement og bom-motstand, og til dagens debatt der befolkningen er sinte på elbilar og indirekte forsvarer bompengar er interessant. Argumentasjonen går gjerne på at elbil slit like mykje på vegen som ein fossilbil, og at alle skal betale likt for seg.

Akkurat som at det er mulig å få det likt med bompengar? Bompenger er fundamentalt urettferdig i utgangspunktet, men no har altså splitt og hersk politikken resultert i at bilistane slåss internt, og har vorte nyttige idiotar for fleirtalet i politikken. Nh Avis har f.eks intervjua og fotografert ein stolt pickup-eigar på Frekhaug. Han kastar glans over amcar miljøet med å parkera den store bilen sin slik at den blokkerer for ladepunkt for elbilar.

Og på det nivået har visst debatten havna.

Kan nokon forresten definere kva det vil sei å betale likt for slitasje av vegen, når det gjeldt bompengar? Her er eit eksempel: Ein mann som bur på Leiknes og jobbar i Knarvik kjører 14 km og skal i tillegg betale bompengar.

Naboen som jobbar på Mongstad kjører 76 km, og skal ikkje betale bompengar. Kven slit mest på vegen? Han som kjører 14 kilometer eller han som kjører 76 km for dagen? Eit anna argument i debatten er at alle elbilar skal betale bompengar pga at Tesla er så dyr i innkjøp.

Den argumentasjonen er god: pga at nokon har kjøpt dyre elbilar, så skal dei med rimelige små elbiler også betale.

Ein treng verken vera ordførar eller utdanna rakettforskar for å sjå at bompengar aldri kan bli rettferdig. Det er rett og slett ikkje mulig å få til.