Søndag 11.november på sjølvaste farsdagen tok eg turen til Dyrkolbotn fjellstove. Ikkje uvanleg det med ein søndagstur, men denne gong var eg i godt lag med nærare 600 personer. Små og store, unge og gamle. Turglade mennesker som ikkje berre skulle gå på tur, nei vi skulle også markere vår uro og motstand mot den nasjonale strategiplanen for vindkraft og planane for utbygging av vindkraft. Der er ei stor uro over at fjellområda i vårt nærmiljø står i fare for å bli nedbygd til eit i gedigent industriområde.

Friluftslivets plass i folkedjupet er like rotfesta som furuskogen. Går ein inn og ser på den norske turistforening oppdager ein at medlemstalet no har passert 300.000.  Det høge medlemstalet fortel at friluftslivet  er ein av dei verdiane innbyggjarane i Noreg set aller høgast. Det samlar familien, gjerne mange generasjonar om gongen, det fremmar leik, glede og folkehelse og er ei referanseramme som nordmenn flest har felles. Turen, kort eller lang, enkel eller avansert, er like norsk som fjordane, som fjella, som skogen, som trolla. Eg såg dette på søndag - turgleda, gleda over å dele ein kvikklunsj ved sida av stien, borna som hoppa og spratt langs stien. Eg såg eldre som tok det litt meir med ro og sjølv fekk eg gå ein liten tur i god prat med kjekke folk.

Tankane mine gjekk til naturen. For vi har vore velsigna med mykje natur i Noreg, urørt natur. Vi har teke han i bruk til beiting og jakt, til trening og rekreasjon. Folk som ferdast i naturen, lærer seg respekt for naturen, sut for naturen og alt som lever i han. Vi haustar av naturen og vi ser og lærer oss å forstå kor mange og store tenester han yter oss. Den nære relasjonen som vi får til naturen gjennom friluftslivet, er slik til samfunnsnytte på alle vis. Naturen gjer noko med oss, den gir oss livskvalitet og glede.

No er enorme vindkraftverk under planlegging i norsk natur. For kvart kraftverk som blir realisert, taper vi som nasjon litt meir av det vi lever for og av: naturmangfald, økosystem, landskap, fred, fridom og friluftsliv. Planane som ligg på bordet, representerer samla sett det største inngrepet i norsk natur på denne sida av istida. Vår generasjon åleine kan for alltid redusere store deler av den urørte norske naturen til gigantiske industriområde.  Ikkje minst kan altså Hordaland bli sterkt råka av den planlagte utbygginga der store område ligg i Nordhordland Dei områda i Hordaland (inkl. Nordhordland) som ifølgje NVE eignar seg for vindkraft, samsvarer nokså presist med det som er att av inngrepsfri natur i fylket vårt. Eg klarer ikkje å forstå at det kan vera god miljøpolitikk å leggja opp til ei slik dramatisk reduksjon i inngrepsfri natur, og det er endå vanskelegare for meg kva samfunnsnytte dette har. Eg må difor stille spørsmålet : Kva med den urørte naturen? Kva verdi har den? Når skal det setjast pris på den?

Vindturbinane som vi risikerer å få hundrevis av er opptil 250 meter høge. Dei har skarpt blinkande lys i toppen og vil vera synlege på mange mils avstand. Vil vi kunne høyre dei? Svaret på det er ja. Vi kjem til å høyre desse turbinane langt borte frå, og fagfolk seier at om vinteren vil det vere farleg å nærma seg desse på grunn av isfall. Korleis vil infrastrukturen bli? For kvar turbin er det i snitt naudsynt med 800 meter med veg. Somme av oppstillingsplassane for turbinane er ikkje så mykje mindre enn den eine halvdelen av Brann stadion. Fjelltoppar kjem til å bli sprengt flate for å gi plass til vindturbinar. Det seier seg sjølv at dette vil medføra massive terrenginngrep i sårbar natur.

Fjellområdet mellom Austfjorden i vest og Romarheimsdalen i aust er blant dei områda som kan bli utbygd. I den sørlege delen av desse fjella ligg den godt besøkte turlagshytta Kalvedalen, som nettopp i haust har fått meir enn dobla kapasitet på grunn av aukande bruk.

Det er eit etter måten stort samanhengjande fjellområde med urørt natur, avbrote her og der av fine stølar og stølsmiljø. Her er noko så sjeldant som ekte villmark (fem kilometer til nærmaste tekniske installasjon), eit av dei siste områda med ekte villmark i Hordaland fylke, frå fjord til fjell, og ned til fjord att.

Fjella har i tillegg ei spesiell krigshistorie. Det var her motstandsmennene i Bjørn West-styrken gøymde seg for tyskarane mot slutten av krigen. Kvar for seg burde desse kvalitetane vera viktige nok til å syta for at dette fjellområdet blir verna, ikkje utbygd.  Også andre, viktige turområde i Hordaland er peika ut som potensielle vindkraftverk. Langt innover i Stølsheimen, langsmed T-merka stiar og inntil populære turlagshytter, er det teikna inn turbinar på kartet.

Eit så og seie samrøystes Lindås kommunestyre (minus to representanter) seier eit tydeleg NEI til dette. Når vi som kollegium seier nei er det fordi vi legg vekt på verdiar, og dei verdiane som ligg i den urørte naturen, med høve til å henta krefter og overskot i den nære og lett tilgjengelege naturen, kan ikkje målast korkje i pengar eller terrawatt.

Eg meiner at kostnaden er altfor høg, målt mot gevinsten, og eg vil dessutan peika på andre tiltak og energiformer framfor vindkraft på land i fjellområde 18.  Regionen og fylket som sådan har allereie gitt mykje tilbake til storsamfunnet i form av både utbygging av vasskraft og innanfor petroleumsindustrien.  Vi treng å ta vare på den urørte naturen - vi skuldar dei framtidige generasjonane akkurat det.