På nettsidene sine skryter regjeringa av at Norge har vore pådrivar for Minamatakonvensjonen, som har fått namn etter kvikksølvkatastrofen i Minamatabukta i Japan på 1950-tallet.

Der blei Chisso Corporation, ei petrokjemisk industribedrift funne skuldig i å ha dumpa 27 tonn kvikksølv i perioden 1932 til 1968. Ein reknar at over 3.000 menneske som følgje av lekkasjen fekk det som fekk namnet «Minamata-sjukdom» i form av varige misdanningar, alvorlege symptom på kvikksølvforgiftning eller døydde.

Likevel forstår ikkje regjeringa vår at U-864, som ligg midt i matfatet vårt utanfor Fedje, med nesten tre gonger så mykje kvikksølv om bord, må opp og ikkje dekkast til.

Konvensjonen trådde i kraft i 2017 og gir bindande reglar for å verna helse og miljø mot utslepp av kvikksølv. Kanskje nokon burde tipsa FN om den norske regjeringa sin dobbeltmoral.

Like kvalmande er det å høra Erna Solberg snakka så fint om tida etter olja når me skal leva av eit reint hav. Statsministaren er til og med leiar for eit internasjonalt høgnivåpanel for bærekraftige hav, og har lagt inn 400 millioner ekstra kroner i neste års budsjett til å reinsa havet for plast og forhindra at plast kjem ut i havet.

Og til Sysla understreka ho i november i fjor, at hava faktisk heng saman og at det å redda havet difor må handla om meir enn å verne små, utvalde område.

Ja, Erna, hava heng saman, og det er akkurat difor kvikksølvet ved Fedje ikkje er eit Fedje- eller Nordhordland-problem, men eit nasjonalt og internasjonalt problem.

Om regjeringa ikkje forstår det, burde ein kanskje venta eit større engasjement frå dei som lever av fisk i dag. Men dei held klokeleg kjeft, for dei veit at det ikkje blir mykje eksport framover dersom dei rette får vita at det ligg 67 tonn kvikksølv og spøkjer uti fjorden. Hurra for fiskerinasjonen Norge!

Kva med å feia for eiga dør før ein går ut og skal redda verda nok ein gong?

Gunn Berit Wiik,

journalist i Strilen