I den andre enden av huset står du og bygger på. Du bygger som ein helt, og kvar time rekk du å utvida huset ditt med éin meter.

Kake og jubelbrus?

Ja, du har heilt klart grunn til vere nøgd med eigen innsats. Det er godt jobba.

Så kjem naboen forbi. Han peikar ivrig og skrekkslagen på brannen. Huset vert jo mindre og mindre!

Dette er eit bilde på det som no skjer i pressa. Annonseinntektene går ned - ja, tidvis ganske bratt ned. Dette er brannen i mediebransjen.

Inntektene frå abonnement går opp, ja - tidvis bratt opp. Men inntektene frå abonnement er ikkje i nærleiken av å vege opp for dei tapte annonseinntektene.

Kva som har skjedd med annonsekronene? Jo, dei forsvinn i all hovudsak til to amerikanske gigantar; Facebook og Google.

Facebook og Google sopar inn annonsekroner. Foto: TeroVesalainen (CC0)

Denne veka kom det halvårstall for opplaget til norske aviser. Dei viser at Strilen styrkar posisjonen sin som nummer 1-avisa i Nordhordland.

Mange norske aviser opplever no vekst i talet abonnentar. Det er talet på digitale abonnentar som har fått fart. Denne utviklinga hevar me glaset for.

Digitalveksten gjer at det er håp i hengande snøre for avisene. Det gjer at bildet av det brennande huset vert meir nyansert.

Påbygginga er i full gong, og samstundes er brannvesenet kome til staden. Vi opplever no at nokre annonsørar vender tilbake til avisene, etter å ha hatt eit sidesprang med ein amerikanar eller to i eit par år.

Sjølvskryt skal ein lytte til. Det kjem frå hjartet. Denne veka kom opplagstala for norske aviser, og jammen vart det mykje jubel i spaltene! Journalistar og redaktørar gliste frå marg til marg.

Tala viser at Strilen no har eit opplag på 5.734. Det er 999 meir enn næraste konkurrent.

Det er kjekt å vere størst, men vi må tenkja større enn kven som kan vera konge i Knarvik neste halvår.

(kommentaren fortset under tabellen)

FylkeAvisNetto opplag 2018Papir 2018Digital 2018
HordalandAskøyværingen4 4363 2654 171
HordalandBergens Tidende81 16445 17379 132
HordalandBergensavisen20 70710 24319 380
HordalandBygdanytt4 8613 7324 712
HordalandBømlo-Nytt3 2453 1073 200
HordalandDagen9 8046 9059 793
HordalandFanaposten3 5123 3673 384
HordalandFiskeribladetFiskaren5 0604 146914
HordalandFiskeribladetFiskaren NETT2 584-2 584
HordalandGrannar3 5993 5413 484
HordalandGrenda2 1912 1572 096
HordalandHardanger Folkeblad4 9273 9494 823
HordalandHordaland7 7467 1127 412
HordalandHordaland Folkeblad5 1405 0955 112
HordalandKvinnheringen4 3483 4844 260
HordalandMarsteinen2 0871 969145
HordalandNordhordland4 7353 5504 598
HordalandNorge IDAG11 84811 73511 848
HordalandOs og Fusaposten4 5424 2064 368
HordalandSamningen1 3961 396-
HordalandStrilen5 7344 6875 557
HordalandSunnhordland6 1205 6075 997
HordalandSydvesten1 2321 2301 227
HordalandTysnes2 1422 05488
HordalandVaksdalPosten2 1582 0942 066
HordalandVestavind1 5601 560-
HordalandVestNytt6 1604 6706 008
HordalandÅsane Tidende1 3631 3581 293

Når vi utviklar Strilen tar vi høgde for nasjonale og internasjonale trendar, samstundes som vi held blikket stivt festa på det viktigste råstoffet i produksjonen vår: Nordhordland og bygdene.

Korleis skal Strilen overleve, og vere ei uunnverleg avis for dei nordhordlendingane som vil halde seg orienterte, og for dei som vil debattere, påverke og annonsere?

Oppskrifta mi er enkel å skriva ned, men særs krevjande å gjennomføra: Vi skal vere lokale, vi skal vere digitale - og så lenge lesarar og annonsørar vil skal vi lage god papiravis.

Strilen skal vere verdas beste kjelde til nyhende om og for Nordhordland. Det er ambisjonen min. Verken meir eller mindre.

Vi er ikkje best på Bergen, Syria eller Donald Trump. BT og BA er gode på Bergen. Aftenposten, Klassekampen, Washington Post og Ben Shapiro show er gode på amerikansk politikk og utanriksstoff.

Strilen og ein kopp kaffi - ein kombinasjon mange likar. Foto: Eirik Langeland Fjeld

Når det kjem til geografi er vi i Strilen sjåvinistar.

Om du er oppteken av dei siste oppdateringane på kva som skjer i trafikken i Helleveien, så vil eg råde deg til å følgje ei av byavisene. BT har ein framifrå trafikkblogg.

I Strilen nyttar vi all tid og alle ressursar nord om brua. Som største lokalavis i Nordhordland vil vi bidra til demokrati og butikk, til frivillige og tilsette, til natur og kultur.

Eg er særs stolt av å få lov til å leia ein redaksjon som er så proppfull av lokal kompetanse som Strilen-redaksjonen er. Betre konkurransefortrinn enn Strilen-journalistane er, finst ikkje i kampen for å overleve under trykket frå amerikanske gigantar.

Til slutt, men viktigast:

Gode Strilen-lesarar, og gode Strilen-annonsørar!

Takk for at de ser verdien av å ha ei potent lokalavis som tek Nordhordland på alvor.

Me gler oss til fortsetjinga.

Eirik Langeland Fjeld, ansvarlig redaktør (konst.), Strilen