Planane vart presenterte for rundt femti frammøtte på eit folkemøte på Kaland barne— og ungdomsskule tysdag denne veka.

Bustadane er tenkte til innbyggjarar som på grunn av funksjonshemming, sjukdom, skade eller alder treng ein tilrettelagt bustad.

Kommunen har i fleire år hatt avsette midlar på investeringsbudsjettet til sju bustadar. Det var først snakk om 20-21 bustader, men området ein no er i ferd med å regulera til føremålet, vil truleg bli regulert til tolv einingar. I første omgang vil det bli bygd om lag sju.

Overgrodd friområde

Det er på ei tomt midt i Kalandsfeltet som sidan 1973 har vore regulert til friområde at bustadane skal komma. Området har ikkje vorte vedlikehalde og er blitt ganske overgrodd. Likevel var det fleire av naboane til tomta som i starten var skeptiske til å gje frå seg den einaste grøne i lunga i feltet.

Plass til alle

Kommunen meiner likevel dette er den best eigna plassen til bustadane og har i tillegg funne plass til park og leikeområde fleire stader i reguleringsområdet.

På den måten skapar dei gode møteplassar som kjem alle til gode, meiner ordførar Per Lerøy.

Det er også lagt inn i reguleringsplanen at eit område på oppsida av småbåthamna skal regulerast slik at det kan byggjast to 2-mannsbustadar og ein 4-mannsbustad der.

Vil løfta heile området

Båthamna skal også utvidast med 32 nye båtplassar, slipp og parkeringsplassar, det skal lagast gangvegar og opparbeidast friområde og rekreasjonsområde ved sjøen.

– Me trur desse planane vil skapa eit løft for heile området. Dette er eit prosjekt me har jobba med lenge og det er avsett fem millionar kroner til prosjektet i forslaget til investeringsbudsjettet for 2017. Me er derfor innstilte på å starta opp prosjektet så snart reguleringsplanen er godkjent, truleg rundt Jonsok, seier Lerøy.