To bilar kolliderte front mot front på E39 like ved Sparbutikken på Hylkje. Det melde Vegtrafikksentralen Vest på Twitter i 9-tida.

Skadane er ukjent, men det vart bestilt bergingsbil til begge bilane. Dei involverte skal ha kome seg greitt ut av køyretøya.

– Det er ikkje meldt om personskadar, dei skal vera oppegåande dei som var i bilane. Men ambulansepersonell vil ha tilsyn med dei, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Helge Lund til BA, som først omtala saken.

Vegtrafikksentralen melde om køar på staden i etterkant av hendinga

Kvit morgon

Måndag morgon vakna ein til kvit bakke. Trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy i Vegtrafikksentralen fortel at trafikken skal gå greitt i morgontimane.

– Vi har ikkje fått noko særleg med meldingar på dårleg brøyting, seier han.

Likevel vil trafikkoperatøren oppmode folk om å køyre forsiktig.

– Ja, det kan vere glatt enkelte stader.