Koronakrisa grip på ein eller annan måte inn i kvardagen til dei fleste av oss. Vi vert meir isolerte og framtida vert med eitt meir usikker.

Det er likevel nokre stader økonomien vert betre, og det er mellom anna i daglegvarebransjen.

Mindre reising

Alle dei tre største kjedene har ifylgje daglegvareekspert Erik Fagerlid hatt svært positive tal i denne perioden.

– Det er ein naturleg konsekvens av restriksjonane at det vert mindre reising, folk går mindre ut for å ete og kantiner vert stengde, seier Fagerlid.

Dei små lokalbutikkane kan ofte slite med handelslekkasje, sjølv om mange er lojale mot nærbutikken sin. Innbyggjarane i distrikta pendlar ofte langt til jobb, og passerer gjerne store butikkar frå lågpriskjeder på vegen.

I tillegg kan det vere vanskeleg å nå dei små lokalbutikkane innan opningstida. Dei små lokalbutikkane opplever likevel ein meir eller mindre klar vekst under pandemien.

– Det har gått over all forventning, sa butikksjef Janice Wood Ritchie ved Coop Marked Brekke i september. Foto: Coop Marked Brekke

Meir heime

Fleire har heimekontor under pandemien, noko som gjer nærbutikken meir tilgjengeleg.

I tillegg kan den lokale butikken bidra med ein større tryggleik i lokalsamfunnet når krisa rammar. I dei små samfunna kan butikkane tilby mellom anna heimkøyring ved sjukdom eller ved karantene. Nokre av dei har gjerne og ein ekstranøkkel til hytta eller huset, og kan sjekke at alt er i orden ved behov.

– Dette kan vere lure tiltak no, meiner Fagerlid.

Fryktar handelslekkasje

I Noreg går vi oftare i butikken enn i noko anna europeisk land, seier Fagerlid, men under pandemien opplever nokre av dei lokale butikkane at folk kjem sjeldnare innom, men handlar meir når dei først er der.

Folk er flinke til å fylgje råda som er kome i frå myndigheitene, seier Christian Haugland, dagleg leiar for Rema 1000 Ostereidet. Foto: Anne-Lise Nordpoll

– Vi har ein positiv vekst og vi ser at folk handlar sjeldnare, men meir, seier Christian Haugland, dagleg leiar for Rema 1000 Ostereidet.

– I tillegg var det ein god sommar då hyttene var i bruk heile perioden. Det at nordmenn ferierer i eige land gjev og auke i omsetning for vår del. Dei handlar ofte meir enn turistar frå andre land, sjølv om det er litt annleis med dei som bur fast på hyttene, legg han til.

Også Coop Marked Brekke kunne tidlegare i haust melde om gode tider. Butikken auka omsetninga si med 24 prosent i juli samanlikna med same månad i fjor.

Større verdi?

Spørsmålet er om det vi ser no vert ei varig endring for dei lokale butikkane. Ein velkjend plakat seier – bruk nærbutikken i dag så er han her når du vert gammal og dårleg til beins.

Det er gode tider for Coop Modalen. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Er det slik at vi ser ein forsmak på dette og då ser ein større verdi i den lokale butikken, eller er det berre ein naturleg konsekvens av restriksjonar under pandemien?

Fagerlid meiner at fleire allereie har endra vanene sine, noko som kan føre til ei meir varig endring i bruken av dei lokale butikkane. Dette kan love godt for distrikta.

For ordens skuld: Journalisten har tidlegare i ein periode jobba som dagleg leiar for Nærbutikken Sandnes i Masfjorden. Ho slutta i jobben for godt over eitt år sidan.