Søndag kveld hamna to personar i ein båt i sjøen ved Byrknes i Gulen.

– Båten gjekk på eit undervasskjer og dei to hamna i sjøen. Brannvesen, helse og politi rykte ut, men det gjekk ei stund før politiet kom fram. Brannvesenet var der først, seier konstituert politistasjonssjef, Ivar Holmaas.

Han fortel at dei to personane klarte å komme seg i land for eiga maskin.

Det vart tatt blåsetest av begge to. Den gav ikkje utslag.

Holmaas kunne på ståande fot ikkje svare på om det vert ei vidare politisak.

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål? Send ei melding her:

Send melding
Martin Hjellestad

Skorsteinsbrann i Alver

Klokka 16.14 melde 110-vest at dei er på veg til Sæbøvegen i Alver.

– Melding om skorsteinsbrann, brannvesen fram for kontroll, skriv dei på X.

Klokka 16.29 skriv 110-vest at brannvesenet er fremme, men at det verken er røyk eller eld.

Erlend Nordland Kristiansen

Tilbake på måndag

Foto: Anders Totland

Masfjorden kommune opplyser at kabelferja «Fjon-M» vil vere tilbake i rute ved oppstart måndag morgon frå Duesund.

Då har den vore ute av drift i 14 dagar.

«Fjon-M vert slept frå Solund Verft søndag og tilbakestilt i wirer når ho kjem til Duesund. Når Fjon-M er tilbake i wirer og testkjørt søndag, vil ferja starte opp ruteproduksjonen igjen», skriv kommunen.

For nokre dagar sidan gjekk ordførar Erlend Kvamsdal hardt ut mot den langvarige ferjestansen, pluss at dei fekk beskjed om dette kort tid i førevegen.

– Me er svært misnøgde med at me no ikkje har ei ferje. Dette går utover beredskap, samhaldet og aktivitetar i kommunen. Det går veldig utover innbyggjarane våre.

Erlend Nordland Kristiansen

Risnes bru blir stengt i eitt døgn

Foto: Henrik Hauken

Masfjorden kommune melder at Risnes bru på Fv. 570 i Masfjorden vil bli stengt i eitt døgn frå onsdag 24. april klokka 21 til torsdag 25. april klokka 21 i samband med fuktisolering og asfaltering.

«Vestland fylkeskommune varslar om den planlagde stenginga, og informerer om at det denne gangen ikkje vert mogleg å passere brua under arbeidet til fots eller med sykkel», skriv kommunen.

Omkøyring blir skilta.

Det er også fare for at arbeidet kan gå ut om vêrforholda ikkje er ideelle.

Erlend Nordland Kristiansen

Bilførar sendt i arresten

Foto: Erlend Kristiansen

Eit stort oppbod frå dei ulike nødetatane var til stades under trafikksikkerheitsdagen i Knarvik torsdag – og like etter at arrangementet var ferdig måtte politiet i aksjon.

Det heile enda med at ein bilførar vart sendt til arresten.

Erlend Nordland Kristiansen

Bilbrann på Frekhaug

Litt før klokka 22 torsdag kveld fekk politiet melding om brann i eit køyretøy i Frekhaug-området.

– Bilen skal ha tatt fyr under køyring og det skal ha vore opne flammer. Det blei brukt pulverapparat, les Ivar Holmaas i NH-politiet opp frå politiloggen.

Det er ikkje oppgitt at nokon kom til skade.

Rutinemessig har politiet oppretta sak på hendinga.

Erlend Kristiansen, Martin Hjellestad

To tunnelar stengt

Klokka 16.04 melde Vegtrafikksentralen at både Espelandstunnelen og Herlandstunnelen på Fv. 57 ved Seim er stengt.

Dette på grunn av eit vogntog som treng bergingshjelp.

Dei estimerer at tungbilbergar er framme om cirka ein times tid, det vil seie rundt klokka 17.

Strilen oppdaterer

Erlend Nordland Kristiansen

Alle har fått straumen att

Nesten 2000 mista straumen i Radøy og Austrheim rundt klokka 20.30. Dei fleste fekk den att innan rimeleg tid – og innan to timar hadde også dei resterande 84 i Hella-området fått den att.

Erlend Nordland Kristiansen

Ambulanseoppdrag på ferja

På grunn av eit ambulanseoppdrag vart ferjeavgangen frå Sævrøy klokka 21.55 forseinka med rundt 20 minutt tysdag kveld.

Det får likevel ikkje store ringverknadar for ferjetrafikken, då dette var kveldens siste tur.

Martin Hjellestad

Radøy/Austrheim: Stort straumbrot

Foto: BKK straumkart

Klokka 20.30 mista fleire på Radøy, men også nokon i Austrheim, straumen.

BKK melde på sine heimesider at 1948 abonnentar var påverka.

Det var då ikkje oppgitt kva som er grunnen til straumbrotet.

BKK melde at brotet var forventa løyst innan klokka 23.30.

Allereie klokka 21.28 har nærmast alle fått tilbake straumen. Berre 84 hus og hytter i Hella-området står utan straum.

Martin Hjellestad

Innstiller avgangar frå Fedje

SMS frå Fjord1/Skyss.

I ein melding frå Fjord1 skriv dei at to avgangar mellom Fedje-Sævrøy blir innstilt i kveld.

Årsaka skal vere nødvendig vedlikehald.

Dette gjeld avgangar klokka 19.50 frå Fedje, og frå Sævrøy klokka 20.30.

Erlend Kristiansen

Flatøy-ulykka: Ikkje overvekt og fekk lappen att

Gravemaskina ramla av hengaren i rundkøyringa. Foto: Erlend Kristiansen

8. april skreiv Strilen om ei trafikkulykke på Flatøy, der ein hengar med gravemaskin kvelva i rundkøyringa. Ingen kom til skade i hendinga.

Dagen etter melde Strilen, etter å ha snakka med politiet, at det var tatt førarkortbeslag, i tillegg til eit sitat på at det var «tydeleg overvekt» i samband med ulykka.

Det rette er at det vart tatt eit midlertidig beslag, men at føraren straks fekk førarkortet att. Det var heller ikkje overvekt, slik politiet sa og Strilen melde.

Det var ein traktor som drog hengaren og gravemaskina, noko den og føraren hadde anledning til innanfor vektgrensene.

Traktorføraren har likevel fått eit ordinært førelegg på 8000 kroner etter ulykka, som har blitt vedtatt.

Erlend Nordland Kristiansen

Oppretta sikkerheitssone rundt vogntog

Rundt klokka 08.45 vart nødetatane varsla om røykutvikling frå eit vogntog på veg nordover på E39, i nærleiken av Haugsvær.

– Hengaren til køyretøyet er lasta med nitrogen. Førebels ikkje meldt om flammar eller lekkasje frå tanken, men det er oppretta tryggingssone på 100 meter, melde Vest politidistrikt klokka 09.07.

E39 blei stengd. Det gjaldt også Jernfjelltunnelen.

Kort tid etter melde 110 Vest at lokalt brannvesen hadde komme fram. Dei kunne konstatere at røyken hadde begynt å avta.

Klokka 09.19 melde politiet at det dreia seg om røykutvikling, truleg frå varmgang i bremser. Det var altså ingen brann på staden.

Klokka 9.32 melde politiet om fri ferdsel igjen.

Erlend Nordland Kristiansen

Stengt E39

E39 Jernfjelltunnelen på grensa mellom Masfjorden og Gulen er stengt.

– Det skal vere varmgang i bremsar/aksling på vogntog som står mellom Sandviktunnelen og Haugsvær, melder Vegtrafikksentralen klokka 09.

Erlend Nordland Kristiansen

Fri ferdsel

Klokka 07.46 melde Vegtrafikksentralen om fri ferdsel gjennom Lyngfjelltunnelen på Fv. 57 i Alver.

Det bygde seg opp lang kø som følge av stenginga, som varte i over halvannan time. På sørsida skal køen ha stått tilbake til Vågseidet.

Erlend Nordland Kristiansen

Forseinka bilbergar

Først blei det meldt at bilbergar var venta til den stengde Lyngfjelltunnelen rundt klokka 07.05.

No har det blitt korrigert til 07.35.

Det har bygd seg opp ein god del kø på begge sider av tunnelen.

Erlend Nordland Kristiansen

Lyngfjelltunnelen stengt

Lyngfjelltunnelen er 966 meter lang og bind saman Vågseidet og Lindås langs. Fv. 57. (arkivfoto)
  • Oppdatering: Vegen opna for trafikk igjen rundt klokka 07.45.

Lyngfjelltunnelen på Fv. 57 mellom Lindås og Vågseidet er stengt på grunn av eit køyretøy med stans. Truleg er det snakk om eit mista/laust hjul.

Vegtrafikksentralen melde om stenginga 06.16.

Bilbergar er venta til staden rundt klokka 07.05.

Det betyr at «Mongstad-rushet» og alle som skal til og frå, må køyre via Fjellangersvingane.

Erlend Nordland Kristiansen

Lavik-Oppedal: Rute B innstilt

Lavik ferjekai. Foto: Statens vegvesen (skjermbilde)

Rute B med ferja MF «Ampere» på Lavik-Oppedal-sambandet er innstilt inntil vidare på grunn av tekniske problem, melder Norled.

Innleiingsvis melde ferjeselskapet om stans på heile sambandet. Dette på grunn av ein fallem på ein av ferjene som blokkerte ferjeleiet.

– Det blir noko lenger ventetid, seier driftsdirektøren i Norled, Lars Jacob Engelsen, til BT.

Erlend Nordland Kristiansen

Lavik-Oppedal innstilt

Klokka 13.21 melde Norled at ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39 er innstilt på grunn av tekniske problem.

Det går tre ferjer i sambandet.

Det er førebels uvisst kva dei tekniske problema går ut på.

Erlend Nordland Kristiansen

Innbrot i Knarvik

Knust rute i eine bygget på Knarvik vgs. avdeling Kvernhusmyrane. Foto: Erlend Kristiansen

I løpet av helga har nokon tatt seg inn på Knarvik vidaregåande skule. Innbrotet skjedde i eit bygg på avdelinga i Kvernhusmyrane.

– Nokon har knust ei rute og klatra inn. Det er tatt ein høgtalar og mogleg noko anna, seier Ivar Holmaas i politiet.

Rektor på skulen, Geir Rydland, bekreftar innbrotet. Han seier det berre er ein høgtalar som skal vere vekke. Elles er det ikkje meldt om innbrot andre stadar på skuleområdet.

Politiet har også vore på staden, ifølge Holmaas.

Innbrotet skjedde i kurssenter-bygget. Foto: Erlend Kristiansen
Erlend Nordland Kristiansen

Innbrot på Frekhaug

Natt til måndag fekk politiet melding om innbrot på ein byggeplass på Frekhaug.

– Det var folk inne på byggeplassen. Dette var oppdaga via alarm på staden. Politiet kom raskt til staden, men ingen er pågripen. Vi veit ikkje om noko er borttatt, seier Ivar Holmaas i Nordhordlands-politiet.