– Det er så kjekt å vere her. Eg likar å vere her, seier Emil.

Venneklubben for funksjonshemma i NBK har tiårsjubileum, og nokon av dei største heltane er kome på besøk.

– Når du kjem heim etter ein slik kveld smiler du, og når du vaknar om morgonen, smiler du også. Det er heilt fantastisk.

Her feirar Emil og Venneklubben tiårsjubileum

For ti år sidan starta dei Venneklubben for funksjonshemma i NBK. Fredag feira dei jubiléet med middag, kaker og dans.