JORDRAS: Her har vegbana rasa ut rett sør for Dalsøyra. Foto: Gulen og Masfjorden brann og redning

Har du tips/bilde? desk@strilen.no, tlf 97 15 10 20 eller via våre Facebook-sider.

Torsdag morgon i 6.30-tida kom meldinga om at delar av vegbana på fylkesveg 57 ved Dalsøyra hadde rast ut.

Heilt stengt

– Politiet og vegentrepenør er på plass og vegen er heilt stengt, sainnsatsleiar i Gulen og Masfjorden brann og redning, Jon Kjetil Strand til Strilen torsdags morgon.

Han fortel at inntil to meter av vegbana, over eit 40 meter langt strekke, hadde rasa ut.

– Det har rasa ned mot fjorden, blant anna i eit naust som har kollapsa, seier Strand.

Politiet melde seinare at geolog var på veg til staden. Også Telenor blei varsla etter at nokre tre hadde ramla over telefonlinjer.

Ifølge Vegvesenet blir vegen ikkje opna i dag. NRK melder om at vegen kan bli stengt i fleire dagar.

STERKE KREFTER: Her ser ein naustet som delvis kollapsa då raset gjekk. Foto: Gulen og Masfjorden brann og redning

Ingen tatt

– Me fekk meldinga 06.35, om at det hadde gått eit ras i vegen rett sør for Dalsøyra. Då kunne ingen bekrefta om folk eller bilar hadde blitt tatt av raset, seier innsatsleiaren vidare.

Ingen blei tatt av raset som skjedde natt til torsdag.

Utan straum

I 10-tida torsdag registrerte BKK ein feil på straumnettet i Masfjorden. Grunnen skal vera ein defekt transformator. Arbeidet med å retta feilen er i gang, og straumen er venta tilbake innan klokka 16. Ifølge eit kart på BKK sine nettsider er feilen i nærleiken av Kvingo.

I tillegg til dette melder BKK på sine heimesider at dei hadde utbetringar i Gulen på planen i dag. Oppedal Ferjekai, Sognevegen, Sørsidevegen og Ytre Oppedal blir oppgitt av adresser. Om det har gått etter planen er ikkje kjend.

BT har snakka med ein person som skulle på jobb for BKK, då han blei stoppa av raset i Dalsøyra. BKK sine lokale ligg i nærleiken av der vegen blei vaska vekk ved Dalsøyra i dag. Han sa følgande til avisa:

– BKK skulle ha masse utstyr til ein trafostasjon frå Dalsøyra og til Oppedal, men lastebilen var på feil side av raset.

UTAN STRAUM: Ein del husstandar har ikkje tilgang på elektrisitet i Masfjorden torsdag. Foto: Skjermskot/BKK

Lite å melda i sør

– Det einaste oppdraget me har vore på i løpet av natta var på Lindås, i samband med ei røykluke på eit tak som vinden tok, seier vakthavande ved Lindås, Meland og Modalen brannvern, Ståle Hauge.

Dei fekk beskjed om hendinga klokka klokka 03.06.

Hauge gir honnør til innbyggarane for at brannvesenet ikkje fekk det for travelt i løpet av natta der det var varsla om vind opp i orkan styrke.

– Det viser at folk er meir obs på vêret er med å påverka kvardagen. Då får me mindra å gjera og kan oppretthalda beredskapen.