Posisjonspartia i Ap, KrF, Sp og SV har fått med seg Venstre og MDG til det dei kaller et historisk flertall, 37 av 57 representanter, for neste års fylkesbudsjett for Hordaland, skriv Nrk Hordaland.

Kun Raudt, Framstegspartiet og Høgre stemte nei til forslaga.

Dei seks partiane har mellom anna blitt einige om å fjerne natt-taksten i kollektivtransporten. Dette betyr at dei går glipp av ni millioner kroner i inntekter.

Men det er fleire gode nyheiter for Nordhordland, spesielt for dei som tek båten. 4,25 millionar kroner er sett av til venteskur på kaia for båten frå Knarvik til sentrum.

Dei vil òg redusere eigenbetalinga for skule-pcar, innføre sjølvforsvarskurs for jenter og gjera skulevegar tryggare.