På anlegget, som er godt synleg mellom to tunnellar på E39, går aktiviteten døgnet rundt. Store dumparar og hjullastarar er i full sving med å flytte store steinmassar som skal knusast og sjiktast til ulike fraksjonar.

Seksti arbeidarar gjer sitt for at to millionar tonn stein årleg kan passere gjennom anlegget og seljast til entreprenørar i inn– og utland.

Nærast dagleg kjem bulkskip for å laste stein som skal brukast i byggjeprosjekt i Europa. Snart har eit halvt fjell vorte eksportert, og framleis står meir enn hundre millionar tonn att av konsesjonen.

Frå europavegen ser ein berre ein liten del av det enorme anlegget som strekkjer seg innover dalen. Foto: Christer André Bergås Morken

Midt i det heile står Christer André Bergås Morken (23) frå Alversund.

Han er vedlikehaldsplanleggar på anlegget, men grunnen til at han hamna der var eit tilfeldig val på vidaregåande skule.

Hamna på rett plass

Då han gjekk TIP-fagretninga på Knarvik vgs, skulle han utplasserast i ei bedrift. Valet fall på knuseverket Oster Pukk og Sand (i dag DC Aggregates) på Eikefet.

– Det var nedgangstider, og eg tenkte eg kunne prøve der, for det var ikkje så mange andre i klassa som var gira på det. Eg var på utplassering i tre veker, og fann då ut at det var ein veldig kjekk og interessant plass med variert arbeid, seier Morken.

Etter to år på TIP, var han lærling på Eikefet i to år. Etter læretida, jobba han eitt år i bedrifta, og vart svolten på meir ansvar.

Det er store dimensjonar på anleggsmaskinene. Dei som startar i bedrifta får tilbod om å ta både gravemaskin og dumpersertifikat. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Teori og praksis

Vegen vidare gjekk til Fagskulen i Hordaland for å ta utdanning innan økonomi, leiing, marknadsføring og prosjektstyring.

– Etter eg tok fagskulen, har eg utvikla meg enormt, både personleg og fagleg. Eg ser ting på ein heilt anna måte no. Særleg samanhengane mellom leiing og økonomi, seier Morken.

Han fortel at fagskulen var teoretisk krevjande, men det var stor hjelp i å ha røynsle frå arbeidslivet frå før.

– Eg var ikkje god i matematikk, og fann fort ut at det meste handla om matematikk. Alt frå å rekne på likviditeten til ei bedrift, til å berekne kor mykje ein bjelke toler, seier han og held fram:

– Men ein lærer mykje undervegs om korleis ein skal fange opp og lære det ein ikkje kan. Eg var samstundes glad for at eg hadde jobba på anlegget, og hadde vore med på variert arbeid. Det gav ei god forståing for dei tekniske faga.

– Vert overraska når helga kjem

Med kunnskapen frå utdanninga, har han grunnlaget inne for å starte ei eiga bedrift, starte i andre ingeniørjobbar eller prosjektleiingar.

Men det vert ikkje naudsynt å sjå etter anna arbeid. Draumejobben har han allereie landa på Eikefet, der han i sommar kom tilbake til bedrifta i stillinga som vedlikehaldsplanleggar.

– Det var tilfeldig at eg hamna her i utgangspunktet, og det er eg jaggu glad for. Eg er veldig nøgd og stortrivst. Eg vert overraska når helga kjem, for tida går så fort på arbeid. Det er ein fantastisk arbeidsplass for dei som likar varierte arbeidsoppgåver. Eg likar godt å få utfordringar å løyse, seier Morken.

Christer på kontoret sitt. Der ifrå planlegg han arbeidsoppgåver og vedlikehaldsarbeid. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Tek seg av lærlingane

Jobben inneber alt frå oppsett av månadsplanar og vedlikehaldsoperasjonar, til planlegging av arbeidsoppgåver frå dag til dag. I tillegg må han halde kontroll på vedlikehaldsarbeid av anlegg og maskinpark, og ein del småprosjekt kring om i anlegget.

Han har også fått fagleg leiaransvar for lærlingar i bedrifta.

DC Eikefet Aggregates AS har ein tett dialog og samarbeid med Opplæringskontoret for Nordhordland. Erfaringa med å ta inn lærlingar er god. I haust tok to av lærlingane fagbrev, to andre er inne i læreperioden i haust, og neste år skal to nye inn.

Morken synest det er viktig og nyttig å ha ei lærlingordning som dei kan rekruttere nye arbeidarar frå.

– Når lærlingane kjem, har dei grunnleggande kunnskap frå den vidaregåande skulen. Så kan vi vere med å forme dei til gode produksjonsmedarbeidarar og mekanikarar her. Det er veldig greitt. Slik får ein fram gode folk, seier han.

Anlegget på Eikefet et seg inn i fjellet. Om lag halvparten av massane er tekne ut til no. Foto: Christer André Bergås Morken

Oppgraderer anlegget

Morken legg til at dei i tida framover skal investere mykje pengar i å oppgradere og modernisere anlegget på Eikefet, som har røter attende til 1970-talet.

– Det vert ei kjekk tid for lærlingane som får vere med på mykje gøy og lærerikt. Dei kan vere med på oppbyggingsfasa og hente ut mykje kompetanse, seier Morken, som ikkje nølar med å anbefale andre å gå same studievegen.

– Det er berre å hoppe i det, så får du det til om du jobbar hardt nok.

Christer André Bergås Morken framfor sorteringsanlegget som snart skal moderniserast. Foto: Kjell Arne Steinsvik