Bil med tre personar hamna på taket

Nødetatene rykte ut til trafikkuhell i Lindås.

Publisert:

Foto: Marius Vågenes Villanger / Villanger Media

  • Kristina Bøland
Denne artikkelen er over ett år gammel

Ein bil med tre personar hamna på taket på Vassbygdvegen i Lindås søndag. Ein forbipasserande melde om ulykka klokka 12.25.

Naudetatene rykte ut til staden. Det vart meldt om lettare personskadar.

– Det er ei dame som skal ha blødd frå nokre kutt, men vi er ikkje kommen fram så vi veit ikkje så mye endå, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit til Strilen 12.30.

Bilføraren, ein mann (51), framstod uskada då politiet kom til staden. Ein kvinneleg passasjer vart sett til av ambulansepersonell for sjokk og mindre kuttskadar.

Alle personane skal vera ute av køyretøyet og er oppegående.

Etter ei stund med manuell dirigering vart vegen opna for trafikk igjen.

Foto: Marius Vågenes Villanger / Villanger Media

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. «Eg tenkte det verste då eg såg den dramatiske meldinga frå politiet»

  2. «Det er som å komme inn i en eventyrhage!»

  1. Bil
  2. Lindås