Vegen mellom Brekke og Instefjord var blokkert i morges i dag tidleg og formiddag. Klokka 14.45 melder Vegtrafikksentralen at vegen er rydda og opna for trafikk igjen.

Ny vurdering i formiddag

Raset gjekk på fylkesveg 1 mellom Instefjord og Brekke i Gulen - mellom Hauglandstunnelen og Instefjordtunnelen.

Vegen var altså lenge stengt og meldinga var at ein ville gjera nye vurderingar utover onsdagen. Det har ein no gjort, og etter at vegen no er rydda, kan ein no passera igjen.

Vegtrafikksentralen melde om raset i 7-tida onsdag.

Uhell i Meland

Klokka 0541 fekk politiet melding om ein bil som hadde sklidd utfor vegen ved Dalemarka i Meland. Bilførarane ringte sjølv til politiet etter hendinga. Vedkommande skal ikkje ha skada seg sjølv, men ein ein stolpe og nokre leidningar blei riven ned, slik at BKK blei kalla ut.

Bilen blei ståande utfor vegen. Ifølge Vegvesenet er det fri passasje forbi staden i 8-tida.

Her har raset i Gulen gått: