– Barna er godt tatt vare på. Dei er i Radøyhallen og ventar her til dei vert henta. Dette går fint, sa Jon Askeland til Strilen i 15-tida.

Radøy-ordføraren var like i nærleiken då brannen i Prestmarka barnehage på Manger vart meldt, og hjelpte til med evakueringa.

Brannvernet fekk først melding om ein automatisk brannalarm i barnehagen klokka 13.20. Så ringde barnehagetilsette sjølv og melde frå om at det brann i ei oppvaskmaskin.

Barnehagen ligg berre eit par steinkast frå brannstasjonen på Manger, og mannskap frå stasjonen der var raskt på plass. Også mannskap frå stasjonen på Ikenberget vart sendt ut, men dei kunne raskt returnera fordi mannskapa frå Manger fekk kontroll på situasjonen.

SKRYT: Brannsjef Karl Johannes Romarheim skryt av måten dei tilsette handterte situasjonen på. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Skryt

Brannsjef i Nordhordland brann og redning, Karl Johannes Romerheim, skryter av dei tilsette i barnehagen.

–Dei fekk borna raskt ut frå bygget. Alle var ute då me kom, seier Romarheim til Strilen sin journalist på staden.

Full utlufting

Brannen oppstod først i oppvaskmaskina og spreidde seg så til gulvet.

– Me sende inn røykdykkarar. Brannen vart raskt sløkt, men rommet er heilt nedsota. Brann i denne type elektriske apparat sotar voldsomt. Me driv og luftar ut no, sa Romarheim til Strilen i 14-tida.

Øvre etasje av barnehaga er stengt etter brannen.

Blir stengd

– Det er ein del som må vaskast ned før barnehagen kan opna igjen, og den blir nok stengt i morgon også, opplyser brannsjefen.

Det seier også Radøy-ordføraren.

– Det er klart det blir nokre praktiske utfordringar her når barnehagen må halda stengt. I dag kan me har borna i Radøyhallen fordi me er i ein evakueringssituasjon, men det er strenge krav til lokale, så me kan ikkje ha borna her i morgon. Då må nok dessverre foreldra vera heime eller ordna pass til barna på annan måte, men me gjer sjølvsagt det me kan for at barnehagen skal opna igjen så fort som mogleg.