I kartet over kan du sjå trafikkbildet i Nordhordland og Gulen. Grønt betyr at trafikken flyter fint, raudt betyr kø.

Julaftan er berre nokre dagar unna. Mykje skal planleggast. Dei siste gåvene. Maten. Det er lett å bli stressa. Mykje trafikk på vegane gjer ikkje saka noko betre. Her er Trygg Trafikk sine beste juletips:

  1. Stress ned – fokuser på kjøringa.

  2. Tilpass farten etter forholda.

  3. Skrap alltid rutene heilt frie for is og snø.

  4. Bruk tid på pakking av bil, sørg for at alle lause gjenstander er sikra.

  5. Sørg for at du har med riktig utstyr om du skal på langtur. Ha med kjetting, varme klede og mobil med fullt batteri om du skal til fjells. Sjekk vêrmeldinga.

JULESTRESS: Mykje skal fiksast før jul. Då er det viktig å ikkje stresse. Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

Kø rundt kjøpesentra

Eirik Rystad Skånøy i Vegtrafikksentralen er samd i tipsa frå Trygg Trafikk.

– Det beste tipset er å ta det med ro. Me veit at det blir ekstra bulking like før jul grunna at folk er stressa.

Han seier at det ikkje er venta kø på fjellet eller elles på E39.

– Me venter mest opphoping rundt kjøpesententra, men elles skal trafikken gå som normalt.

Så kjør forsiktig og stress ned. Så slepp du starta det nye året med ein bulk i bilen.

Ekstraferjer

Slik blir juletrafikken på Lavik-Oppedal ifølge Norled:

  • Fredag 21. desember blir det kjørt tilleggsferje i sambandet mellom 15.00-21.00

  • Julaftan går laurdagsrute med A-rute som normalt og B-rute med siste avgang kl 18:00 fra Lavik.

  • 1.juledag ordinær lørdagsrute

  • 2.juledag ordinær søndagsrute

  • Nyttårsaften ordinær lørdagsrute