Brann i bustad i Lindås

Naboar i bustadfeltet vart evakuerte etter brann, fordi det er lagra jaktammunisjon i huset.

Publisert:

Naboar i bustadfeltet vart evakuerte fordi det er lagra jaktammunisjon i huset Foto: Gunn Berit Wiik

  • Kristina Bøland

I 11-tida søndag vart det meldt om brann i ein einebustad på Vabø i Lindås.

Alle naudetatane rykte ut til bustaden.

– Huset er overtent der ute, og det er førebels det vi veit, sa vaktkommandør ved 110-sentralen, Ole Jakob Hartvigsen til Strilen i 11-tida.

Det skal ikkje ha vore personar inne i huset då det tok fyr.

Politiet melde først at brannen var på Vågseidet, men seinare kom det fram at brannen var på Vabø.

Naboar i det nye bustadfeltet vart evakuerte fordi det er lagra jaktammunisjon i huset, opplyste Hartvigsen til NRK.

Det vart også kalla inn ekstra tankbilar på grunn av vassmangel. Brannvesenet har påbyrja arbeidet med å sløkka brannen, som skal ha starta i andre etasje.

Klokka 13.44 melder 110-sentralen at brannen er sløkt. Brannvesenet fortset med etterslukking.

Måndag fortel politioverbetjent ved Nordhordland lensmannskontor, Glenn Våge, at området rundt huset er sperra av. Politiet veit ikkje kva som førte til brannen, men krimteknisk vil gjera undersøkingar på staden dei næraste dagane.

  • Send gjerne tips eller foto til desk@strilen.no eller 92224756.

Søndag byrja det å brenne i ein einebustad på Vabø. Foto: Gunn Berit Wiik

Foto: Gunn Berit Wiik

Foto: Gunn Berit Wiik

Foto: Gunn Berit Wiik

Publisert:

Flere artikler

  1. NYHEITER

    Hamna utfor vegen rett ved ferjekaien

  2. NYHEITER

    Garasje totalskadd i brann på Frekhaug

  3. NYHEITER

    Har avhøyrt mann etter brann i bufellesskap

  4. NYHEITER

    Brann i oljetankar med 40.000 kubikkmeter olje om bord er sløkt

  5. NYHEITER

    Slik såg bilen ut etter garasjebrann

  6. NYHEITER

    Politiet trur brannen er påsett – ein person er mistenkt

Mest lest akkurat nå

  1. Sjåfør tatt i 87 km/t i 60-sona

  2. Eldrerådet vil ha skikkeleg internett på sjukeheimen

  3. Får millionar for å hjelpe einsame eldre under pandemien

  1. Brann
  2. Vågseidet
  3. Lindås