I 11-tida søndag vart det meldt om brann i ein einebustad på Vabø i Lindås.

Alle naudetatane rykte ut til bustaden.

– Huset er overtent der ute, og det er førebels det vi veit, sa vaktkommandør ved 110-sentralen, Ole Jakob Hartvigsen til Strilen i 11-tida.

Det skal ikkje ha vore personar inne i huset då det tok fyr.

Politiet melde først at brannen var på Vågseidet, men seinare kom det fram at brannen var på Vabø.

Naboar i det nye bustadfeltet vart evakuerte fordi det er lagra jaktammunisjon i huset, opplyste Hartvigsen til NRK.

Det vart også kalla inn ekstra tankbilar på grunn av vassmangel. Brannvesenet har påbyrja arbeidet med å sløkka brannen, som skal ha starta i andre etasje.

Klokka 13.44 melder 110-sentralen at brannen er sløkt. Brannvesenet fortset med etterslukking.

Måndag fortel politioverbetjent ved Nordhordland lensmannskontor, Glenn Våge, at området rundt huset er sperra av. Politiet veit ikkje kva som førte til brannen, men krimteknisk vil gjera undersøkingar på staden dei næraste dagane.

Søndag byrja det å brenne i ein einebustad på Vabø. Foto: Gunn Berit Wiik
Foto: Gunn Berit Wiik
Foto: Gunn Berit Wiik
Foto: Gunn Berit Wiik