Det var om ettermiddagen den 25. september at ei kvinne i 60-åra blei påkøyrd av ein syklist ved Nordhordlandshallen i Knarvik.

Politiet fekk først høyre om hendinga ei veke etterpå. På vegner av kvinna ønsker politiet no å komme i kontakt med syklisten, som er sagt å vere ein ungdom. Politiet har ikkje tenkt å følge opp saka, men vil gi vedkommande anledning til å komme i kontakt med kvinna.

– Det er ønskeleg frå ho som var køyrt på å få info og oversikt over kva som skjedde. Det har samanheng med vidare oppfølging av helse, seier Ivar Holmaas, ved Nordhordland lensmannskontor.

Kvinna skal ha fått seg ein god trøkk og har vore innom både legekontor og sjukehus ifølge Holmaas.

Syklisten kan kontakte Nordhordland lensmannskontor.