I forslaget blir det lagt opp til at kvar enkelt bil må ha ei elektronisk brikke som registrerer kvar tur og tel talet på kilometer bilen køyrer og kvar.

Konsekvensen er ifølgje TØI at bilkøyring på landsbygda blir billegare, medan det blir dyrare å køyre i byane, melder NRK.

– På bygda vil vegprisinga ifølgje forslaget bety ei avgift på rundt 20 øre per kilometer. I byane må vi rekne med at det kostar 4–5 kroner kilometeren i rushtida, seier forskar Lasse Fridstrøm i Transportøkonomisk institutt til NRK.

Forslaget går ut på at bompengar, ferjebillettar og dei aller fleste bilavgiftene skal erstattast av allmenn vegprising.

I forslaget skriv TØI at ei «basiskilometeravgift» på 20 øre ville vere tilstrekkeleg for bensin-, diesel- og elbilar. I rapporten definerer TØI klimagassutslepp, lokal forureining, vegslitasje, støy, trafikkulykker og tidstap på grunn av kø som «ulemper».

I rapporten heiter det at ulempene med bilkøyring i spreiddbygde område er små. I rushtida i byane er ulempa ifølgje TØI 20 gonger så stor som på landsbygda.

– Her er det mykje å vinne på å kutte trafikktoppane og redusere støyen, og dessutan avgrense luftforureininga, særleg på kalde og tørre vinterdagar, står det i rapporten.

Godt undervegs

I Nordhordland er planlegginga av dei nye bommene allereie godt undervegs, og dei skal vere klare til 1. desember. Dei seks bomstasjonene kjem her:

  • Bomsnitt 1: På-/avkjøringsrampe E39 Flatøy

  • Bomsnitt 2: E39 Flatøy

  • Bomsnitt 3: E39 Mundalsberg

  • Bomsnitt 4: Fv. 565 Radøy

  • Bomsnitt 5: Fv. 57 Isdalstø

Prisen på Nordhordlandspakken er estimert til 1,5 milliarder og inneheld 19 større og mindre vegtiltak;

Dette skal bompengaene finansiere i Nordhordland. Foto: Statens vegvesen

Håper på debatt

Forskar Lasse Fridstrøm håper rapporten kan vere med på å skape debatt om prinsippa for utforminga av bilavgiftene i framtida.

– Systemet vil innebere særs store fordelar samanlikna med systemet vi har i dag, så sant det blir designa etter samfunnsøkonomiske prinsipp, seier Fridstrøm, som har skrive rapporten.

– Den tradisjonelle tankegangen om at bilistane skal betale i samsvar med kva det har kosta å bygge vegen, må bli skrota. I staden skal kvar trafikant betale for dei plagene dei påfører andre, seier han.

Drivstoffutgifter stadig mindre aktuelt

Det er ifølgje TØI brei politisk og fagleg semje om at bilavgiftssystemet i dag, der drivstoffavgifter inngår som ein vesentleg komponent, må bli revidert etter kvart som ein stadig større del av bilparken blir elektrifisert.

– Eit system med vegprising representerer betydelege tekniske utfordringar. Men kanskje vel så viktig er det å få til ein debatt om kva for prinsipp som bør bli lagt til grunn, seier Fridstrøm.

– Ved å prise alle trafikkulempene på riktig måte får vi vegfinansieringa så å seie på kjøpet, seier Fridstrøm.

NAF åtvarar mot å blande saman bompengar og vegprising, men erkjenner at det er behov for eit nytt og meir rettferdig system for avgifter på kjøp, eige og bruk av bil.

– Vegprising bør bli greidd ut som eit alternativ til desse avgiftene. Det er behov for eit meir framtidsretta system for bilavgiftene no når bilvanane til nordmenn endrar seg og elbilane kjem for fullt, seier kommunikasjonsrådgivar Ingunn Handagard i NAF i ei melding til NTB,