Ei vanleg oppfatning av norske sjukeheimar, er bebuarar som sit passivt på eit rom eller fellesstova medan tv-en surrar og går i bakgrunnen.

Den tanken likar ikkje Hans Otto Erlandsen og gjengen i Amcar Nordhordland. Entusiastane, som har stor kjærleik for amerikanske bilar, møtast jamleg for å mekke og snakke bil, men no vil dei prøve å ha med seg nokre av den eldre garde som passasjerar.

Seniorkjøring

I første omgang er planen å arrangere ein «seniordag» 5. mai der bebuarar ved Knarvik sjukeheim får bli med på ein liten kjøretur i nokre av regionens mest stilige bilar.

– Det er nok fleire seniorar på institusjon som er oppvaksen med amerikanske bilar, men så er det kanskje 40 år sidan dei i det heile tatt var i kontakt med ein, seier Erlandsen, som skildrar det som eit kulturtilbod for dei eldre.

I Amcar Nordhordland er det 43 medlemmer. Dei har «base» i dei gamle fabrikklokala på Tveitastø i Lindås og rår over mange gode, gamle klassiske doningar, både cabriolet og større «muskelbilar».

Mange leiger Amcar-klubbens bilar til sine bryllaup. Søndag 5. mai er det bebuarar ved Knarvik sjukeheim som får høve til å bli med på tur i veteranbil. Foto: Privat

Han sa «tenk å kjenne vinden i håret» - Per Ole Ekker

Vind i håret

«Amerikanarane» har slått seg i saman med Frivilligsentralen i Lindås for å gi dei eldre ein dag dei seint vil gløyme. For det er ikkje akkurat ofte sjukeheims-bebuarar har anledning til å kjøre cabriolet.

– Eg snakka med ein god venn som sat i rullestol. Han sa «tenk å kjenne vinden i håret». Berre ein enkel ting, som vi andre tar for gitt, seier Per Ole Ekker i Frivilligsentralen.

Også Erlandsen har sine erfaringar.

– Eg fekk ei mor som hamna på ein sjukeheim. Og då følte eg at ho berre fekk beskjed om at «her skal du sitte til du døyr». Ingen tilbod! Då tenkte eg, vi må gjere noko. Det er jo desse som har bygd opp samfunnet som vi haustar av.

Hans Otto Erlandsen i Amcar Nordhordland og Per Ole Ekker i Frivilligsentralen i Lindås. Foto: Erlend Kristiansen

– Skal jo på sjukeheimen sjølv

Både bebuarar og pårørande er velkomne til å ta del i dagen, kor det blir kjøretur og påfølgande «amcarfest» ved Nordhordlandshallen. «Seniordagen» er gratis for bebuarane å delta på, og elles har amcar-klubben ingen inntekter av å arrangere.

– Vi skal prøve å lage ei minnerik oppleving for dei eldre, seier Erlandsen.

Tilbodet er i første omgang ei prøveordning. Men verken Ekker eller Erlandsen er avvisande til å arrangere fleire slike dagar.

– No prøver vi på sjukeheimen, så ser me om dette er noko som kan vidareførast, seier Ekker før Erlandsen igjen tar ordet.

– Som eg sa til Per Ole. No sår vi litt, for vi skal inn på den sjukeheimen sjølv om nokre år, seier han og ler.

Dette er Hans Otto Erlandsen sin Dodge Challenger. Det er ein V8-motors 2009-modell med 400 hestekrefter. Foto: Privat
Foto: Privat