Onsdag er det meldt om smittetilfelle på begge dei vidaregåande skulane i vårt distrikt.

Austrheim-elev smitta

Austrheim-rektor Frode Hervik stadfester eitt smittetilfelle ved skulen. Éin elev er smitta, medan éin annan er sett i karantene.

På bakgrunn av situasjonen, har rektoren i lag med smittevernlegen bestemt seg for å stenge skulen for undervisning onsdag og torsdag. Fredag er det planleggingsdag og ingen undervisning. Skulen har kring 200 elevar.

– Vi har tatt ei føre var-avgjerd om å avbryte undervisninga onsdag og sende elevane heim. Det blir digital undervisning i torsdag.

Frode Hervik er rektor på Austrheim vidaregåande. Foto: Vestland fykeskommune

– Bakgrunnen for at vi går såpass langt i vår handtering er at vi er kjent med at ein del elevar er vekke med symptom. Nokon har influensaliknande symptom og ventar på testresultat, fortel Hervik onsdag.

Hervik seier skulen var budd på at dette kunne skje og riggar undervisninga deretter.

– Vi har ein del praksis med digital undervisning frå i vår. Lærarane må snu seg i ein fart, men det taklar dei nok.

Han blir ikkje overraska om det kjem nye smittetilfelle, men om det ikkje skjer blir det undervisning som vanleg frå måndag av.

Gulen-elevar i karantene

Den aktuelle Austrheim-eleven er heimehøyrande i Gulen. Gulen kommune melder at det er 20 nærkontaktar som no må i karantene og testast.

«Borna i 1. og 2. trinn ved Eivindvik skule er definert som nærkontaktar», skriv Gulen kommune.

Det er berre nokre dagar sidan kommunen melde at fleire ved Eivindvik barnehage- og skulekrins måtte i karantene etter at fleire var i kontakt med ein koronasmitta.

Frå før av har Gulen registrert fem smittetilfelle (i september og oktober). Det nye smittetilfellet er ikkje knytt til desse.

Smitte på Knarvik vgs

3. trinn studiespesialisering på Knarvik vidaregåande skule har også heimeundervisning onsdag.

– Me fekk seint tysdag kveld melding om at ein elev på trinnet er smitta av korona. For å rigga oss, valde me difor å gi elevane digital undervisning onsdag, seier rektor Kari Espeland Bruvik.

Tre elevar har fått varsel om karantene. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

Kva som skjer vidare, kan ho ikkje seia noko om akkurat no.

Smittevernkontoret i Alver har varsla nærkontaktar direkte. Det er smittevernkontoret som bestemmer kven som skal i karantene, og lengda på denne.

Tre elevar har fått varsel om karantene.

Siste innlegg

  • Vil du få varsel når smittetalet aukar eller andre viktige nyheiter om koronaviruset? Last ned appen vår (iOS) via denne lenka, så gir vi deg eit pling (med eller utan lyd – du bestemmer!)
  • Har du tips? Send oss ei melding via tips@strilen.no, Facebook/Messenger eller sms/ring til 971 51 020.
  • Oppdaterte tal: Så mange er vaksinerte og smitta i Nordhordland
  • FHI sine tal er basert på folkeregistrert adresse, og kan difor gi andre tal enn kommunen sin statistikk. Ein student som ikkje har meldt flytting, vil bli registrert i heim­kommunen, sjølv om vedkommande bur ein annan stad.

Har du tips eller spørsmål? Vi vil gjerne høyre frå deg!

Send inn
Erlend Nordland Kristiansen

Smitte på Masfjorden sjukeheim

Masfjorden sjukeheim.

«På grunn av påvist covid-smitte på sjukeheimen, ser me oss dessverre nødt til å stenga sjukeheimen for besøkjande til ny vurdering i løpet av veke 29», opplyste Masfjorden sjukeheim i ei melding laurdag.

Dei beklagar ulempene dette medfører.

Veke 29 er frå og med 18. juli.

Dei som har spørsmål, kan ringa sjukeheimen på tlf. 56 16 65 00.

Erlend Nordland Kristiansen

Smitte på leirskule

I førre veke vart det registrert 60 koronatilfelle i Gulen kommune. Mange ungdommar skal vere blant dei smitta.

«Ungdomsskoleelevar frå dei fire skulane i Gulen har i veke 7 gjennomført eit leirskuleopphold på Voss. Fleire elevar fekk påvist smitte under opphaldet, og mange av elevane har testa positivt for Covid19 etter heimkomst 18.02.22».

Denne veka (veke 8) er det vinterferie på skulane i Gulen, utanom på Byrknes som tar ferie i veke 9.

Ingen brukarar ved sjukeheim eller bu-/omsorgssentera er blant dei smitta.

Erlend Nordland Kristiansen

Masfjorden/Gulen: Fleire positive sjølvtestar

I førre veke (veke 6) registrerte Masfjorden 40 nye smittetilfelle av koronaviruset. Det opplyser kommunen:

«Dette er innbyggjarar som har registrert seg sjølv etter positiv sjølvtest. Veka før var talet 25, noko som viser at smittetala i Masfjorden er aukande.

Det er for tida registrert korona positive både på Sørsida, i Nordbygda og i Indrefjorden. Med så mykje smitte som det er rundt oss no finn ein det ikkje føremålstenleg å gå ut med informasjon når det oppstår nye utbrot i barnehagar og skular.»

Gulen melder om 24 smitta i førre veke. Dei legg til at det ikkje er smitte ved sjukeheimen eller bu- og omsorgssenter. Ei heller er det utbrot ved skular utanom eitt og anna smittetilfelle hos barn/tilsette.

NPK-NTB

Meteren og munnbind er historie

Helsedirektør Bjørn Guldvog, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, statsminister Jonas Gahr Støre og Camilla Stoltenberg held pressekonferanse om koronasituasjonen laurdag formiddag. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

Regjeringa har bestemt å fjerne kravet om å halde ein meters avstand på offentlege stader.

Det vart klart på pressekonferansen til regjeringa om koronatiltak laurdag.

– Meteren blir borte. Vi fjernar det generelle rådet om å halde avstand, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

– Meteren har hindra oss i å leve normalt med andre menneske. Og ikkje minst vore vanskeleg for dei som lever av å samlast, anten det er på bar, konferanse eller andre stader. No kan vi omgåast som før i utelivet, på kulturarrangement og andre sosiale tilstellingar. Og på veg til og frå jobben, på bussen, toget og ferjer, legg han til.

At meteren blir fjerna betyr at mellom anna serveringsstader og arrangørar av offentlege arrangement igjen kan drive som normalt.

– Vi forlèt no meteren og munnbind, og då står vi igjen med sunn fornuft og omsyn til andre, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Ho understrekar at det som gjeld vidare frå i dag er berre råd og tilrådingar. Staten skal altså ikkje fortelje den enkelte kva ein skal gjere, seier ho.

Tilrådingar og råd finst på helsenoreg.no og Folkehelseinstituttet sine nettsider.

NPK

Regjeringa kallar inn til koronapressekonferanse

Regjeringa held pressekonferanse om koronasituasjonen laurdag klokka 10. Statsminister Jonas Gahr Støre og helseminister Ingvild Kjerkol vil delta.

Helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg vil òg vere til stades under pressekonferansen, som blir halden i Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet.

Erlend Nordland Kristiansen

Smitte på kommunehuset

Kommunehuset på Fedje. Foto: Erlend Kristiansen

Onsdag melde Fedje at kommunehuset og sørvistorget på Fedje er stengt på grunn av sjukdom.

«Ein av dei tilsette på sørvistorget og kommunehuset har fått korona. Nett no er situasjonen litt uavklart, men dei tilsette testar seg og vil gjere det i dagane framover. Inntil vidare er sørviskontoret og kommunehuset stengt, men du kan likevel nå dei tilsette på telefon.»

Erik Støverud

Utfordrande sjukefråvær

Med færre korona-restriksjonar og tiltak er det venta er det venta at mange vil få omikron-varianten av viruset. Tysdag åtvara Austrheim kommune om at fleire kommunale tenester kan bli råka av auka sjukefråvær.

Det gjer mellom anna at heimetenestene i tida framover må prioritere strengt, og først og fremst gi den hjelpa som er lovpålagt. Det melde kommunen på si Facebook-side tysdag kveld.

“Tenester som må nedprioriterast er praktisk bistand, og vask av hus. Dersom det er veldig høgt sjukefråvær enkelte vakter, kan også andre tenester bli kutta. Heimetenesta vil då følgja ei eiga prioriteringsliste for kven som må ha besøk, dersom det ikkje er mogleg å rekka alle.”, skriv kommunen.

Dei skriv vidare at det i heimetenestene har vore to krevjande år sidan mars 2020, der ulike restriksjonar til tider har gjort arbeidet tyngre å utføre.

“At det no er venta fleire korona-sjuke, kjem på toppen av dette. Sjølv om Omikron-varianten gjev lett sjukdom for dei fleste, er det likevel slik at dei som er smitta skal vera heime i minst fire dagar, og vera feberfrie før dei kjem på jobb igjen. Denne utfordringa med høgt sjukefråvær råkar heile denne sektoren, og gjer at det ikkje er enkelt å skaffa kvalifiserte vikarar på kort tid”, skriv Austrheim kommune.

Kommunen beklagar dette for brukarar som vil få mindre utført av tenester, og til deira pårørande, men ber om forståing for at naudsynt helsehjelp og lovpålagde tilbod må prioriterast.

Dei oppmodar samstundes pårørande, venner og naboar kan ha eit ekstra auge for om det er nokon som treng ei hjelpande hand.

Kristina Bøland

Ferje-tilsette smitta: Ber passasjerar passe på

Passasjerane som tok ferja mellom Lavik-Oppedal mellom 30. januar og 1. februar blir bedne om å følgje med på koronasymptom. Det melder Norled tysdag ettermiddag.

Årsaka er at tilsette på ferja MF «Oppedal» har testa positivt.

Nordled ber folk som har tatt ferja om å ha låg terskel for å teste seg dei neste ei til to vekene.

Erlend Nordland Kristiansen

85 nye smitta

Det er registrert 85 nye smitta i Alver sidan i går.

1222 har blitt registrert smitta i kommunen så langt i år.

Erlend Nordland Kristiansen

130 tilfeller siste par dager i Alver

Siste par dagar er det registrert 130 nye smittetilfelle i Alver kommune (69 fredag, 61 laurdag).

Nye tilfelle i øvrige kommunar (28.-29. januar):

Austrheim: 6

Fedje: 0

Gulen: 0

Masfjorden: 0

Modalen: 0

Anne-Lise Nordpoll

Måtte kasta 1000 dosar

Folk i Alver er flinke til å vaksinera seg, men i midten av januar måtte kommunen likevel kasta 1000 dosar Moderna.

Kommuneoverlege Terese Folgerø, er godt fornøgd både med alle som bookar seg vaksinetimar på nettet og med gjennomføringa av massevaksineringa i Alver.

– Mange takkar ja til vaksine. Det gjeld både koronavaksine og tilbodet om influensavaksine for dei over 65. Normalt har 43 prosent av dei som får tilbod om influensavaksine i Alver takka ja til dette, medan me i år ligg på over 63 prosent. Då er ein godt beskytta mot alvorleg sjukdomsforløp, seier ho.

Det er ikkje mange vaksinedosar som har gått til spille i kommunen.

– Me har klart å trekka opp 4000 fleire dosar med Pfizer-vaksine av glasa enn det produsenten har rekna med. Men no i midten av januar måtte me kasta 1000 dosar Moderna fordi dei gjekk ut på dato, opplyser Folgerø.

Terese Folgerø Foto: Ingunn Gjærde

Att desse dosane måtte kastast, må sjåast i samanheng med skeivfordelinga av vaksiner som vart gjort mellom kommunane i ein tidleg fase av vaksineringa.

– Når dose to og tre skulle setjast, hadde me ikkje mange nok innbyggjarar som hadde lang nok intervall frå førre dose til at me fekk brukt opp alt me fekk, seier ho.

No kan innbyggjarane i Alver sjølv velja kva type vaksine dei vil ha. Kommuneoverlegen håpar fleire vil velja Moderna.

– Dei under 30 vert tilrådd Pfizer-vaksinen, men dersom fleire vaksne hadde vald Moderna, så hadde vaksineringa gått raskare og me hadde fått utnytta dosane betre, seier kommuneoverlegen.

Kristina Bøland

Behovet for hurtigtestar aukar: Her kan du få tak i dei no

Innbyggjarserivce på Knarvik senter er ein av tre plassar der kommunen vil dele ut hurtigtestar framover.

No melder kommunen at dei også endrar kor folk kan få tak i hurtigtestar. I staden for på koronasenteret, kan ein frå måndag 1. februar få tak i hurtigtestar hos kommunens innbyggjarservice i Knarvik senter og kommunehusa på Manger og Frekhaug.

– I tillegg til å dele ut frå koronasenteret har skular og barnehagar delt ut hurtigtestar til elevar og tilsette når det har vore behov for det. Dette held vi fram med. Vi får med andre ord ei god spreiing av testane i Alver, fortel ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Behovet for hurtigtestar har gått bratt oppover den siste tida. I periodar har koronasenteret delt ut over 2000 testar kvar dag.

– Vi fekk 30.000 nye hurtigtestar torsdag denne veka, og reknar med at vi får jamleg påfyll framover, fortel ordføraren.

Erlend Nordland Kristiansen

Smitterekord i Bergen

Torsdag melder Bergen kommune om nok ein ny smitterekord.

Det siste døgn er det registrert 1892 nye smittetilfelle. 1244 er frå ordinære PCR-testar, medan 648 er frå innrapporterte positive sjølvtestar.

Det er første gongen Bergen opplyser om positive sjølvtestar. Tidlegare har det ikkje vore mogleg å rapportere inn.

– Vi jobbar no med å få på plass eit system som også gir dagleg oversikt over innmelde positive sjølvtester, seier smittevernoverlege i Bergen, Marit Voltersvik.

Erlend Nordland Kristiansen

Lokale smittetal

Det er registrert 130 nye koronatilfelle i Alver det siste døgnet, viser FHI-statistikk.

I Gulen er det registrert tre tilfelle, Fedje to og Masfjorden seks. Frå Austrheim og Fedje er det ikkje nye tilfelle.

Dagleg oppdatert statistikk finn du her:

Erlend Nordland Kristiansen

Over 450 smitta i Alver sidan 19. januar

Ole Budal i Sjøforsvaret, kommuneoverlege Terese Folgerø og ordførar Sara Hamre Sekkingstad under vaksineringa i Mongstadhallen. Foto: Kjell Arne Steinsvik (arkiv)

Frå 19. til 25. januar har 350 personar fått påvist koronavirus (med PCR-test), opplyste Alver kommune i ei pressemelding tysdag.

I tillegg viser FHI-tal at det har blitt registrert 108 nye tilfelle siste døgnet. Dermed har det vore over 450 tilfelle sidan 19. januar.

– Smittetala har gått bratt oppover den siste månaden. Sidan den første veka etter jul har tala om lag dobla seg frå veke til veke

– Vi reknar med at dei reelle smittetala er langt høgare enn dei vi kjenner.

Slik ser smittetala ut fordelt etter aldersgrupper i perioden 19. til 25. januar. Foto: Alver kommune

– Stort trykk på koronasenteret gjer at vi ikkje har kapasitet til å kartleggje smittevegen til dei som får påvist koronavirus. Vi har difor ikkje informasjon om smittevegen dei siste sju dagane, men reknar med at hovudkategoriane framleis er eigen husstand og ukjend smitteveg.

Det at mange har ukjend smitteveg betyr at dei er smitta av personar som ikkje veit at dei er smittsame.

PS: Alver har tidlegare i pandemien rapportert sine eigne smittetal. No går dei over til å bruke FHI sine tal (meldingssystem for smittsame sjukdommar, MSIS). Skilnaden med FHI sine tal, er at smittetilfella er basert på folkeregistrert adresse.

For oppdaterte smitte- og vaksinetal, sjå her:

Gunn Berit Wiik

Har hatt 53 smittetilfelle sidan nyttår

– Alle som har symptom, har berre hatt litt forkjøling og lettare influensasymptom, så det har vore ein låg sjukdomsbyrde, seier fungerande kommuneoverlege og smittevernlege Jarle Gallefoss i Austrheim kommune.

I første veka etter nyttår hadde dei ein smittetopp på 25 smitta.

I veke to var dei nede i 11, og i veke tre var det påvist 17 smittetilfelle.

Av desse går fem i grunnskulen, éin på Austrheim vidaregåande og resten er i aldersgruppa 20 til 62 år, fortel smittevernlegen.

– Ein av dei var rett nok over åtti, men det er eit unntak frå regelen, legg han til.

Dei fleste smittetilfella i Austrheim har vore barn, ungdom og opp til mellom 40 og 50 år.

Fungerande kommuneoverlege og smittevernlege Jarle Gallefoss, føler dei har bra kontroll på pandemien i Austrheim. Foto: Kjell Arne Steinsvik

– Me er spesielt glade for at det ikkje har vore eit einaste smittetilfelle på sjukeheimen i heile pandemien, seier Gallefoss.

I veke to og tre har eit par prøvar blitt analyserte og testa positivt for omikron.

Gallefoss reknar difor med at dei aller fleste tilfella no er omikron.

Men med drop-in-vaksinering er dei no bra i mål med dose tre.

– Difor følgjer me dei nasjonale retningslinjer og tilrådingar elles, seier han.

No er også Austrheimhallen open igjen ettermiddag og kveld. Bassenget på Kaland opna for offentleg bading måndag 24. januar.

Erik Støverud

Opnar hall og basseng

No er det slutt på "stopp en halv", når ein skal trene i denne hallen. Foto: Kjell Arne Steinsvik (arkivfoto)

No kan folk i Austrheim boltre seg i basseng og idrettshall att. Den gladnyheita delte kommunen på si Facebook-side fredag.

Etter at det kom nye nasjonale koronatiltak i midten av januar, bestemte kommunal kriseleiing (KKL) i Austrheim kommune at ein igjen skulle opne idrettshallen for bruk etter skuletid, og at bassenget på Kaland kan brukast for trening og offentleg bading.

Det tok nokre dagar å få på plass det praktiske kring reinhald og liknande, men no er dette klart, skriv kommunen.

Austrheim idrettslag fekk torsdag 20. januar beskjed om at hallen igjen kan brukast på ettermiddag og kveld. Og bassenget kan brukast til offentleg bading frå måndag 24. januar.

Det er dei nasjonale avgrensingane som gjeld for bruken av både basseng og idrettshall, med tanke på antal, og ulike andre koronatiltak.

NTB

24 958 nye koronasmittede i Norge

Det siste døgnet er det registrert 24.958 koronasmittede i Norge. Det er ny rekord. En omlegging av meldesystemet når det gjelder nye smittetilfeller kan imidlertid føre til opptil 8.000 flere etterregistreringer fra 15. januar, melder FHI. Antallet kan derfor være noe misvisende. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Det siste døgnet er det registrert 24 958 koronasmittede i Norge. Det er 12 598 flere enn samme dag i forrige uke.

De siste sju dagene er det i snitt registrert 14 328 koronasmittede per dag.

Tilsvarende snitt for sju dager siden lå på 8773, så trenden er stigende.

Noe av den voldsomme økningen skyldes en rutineomlegging i rapporteringen inn til Meldingssystem for smittsomme sykdommer (MSIS).

Det gjør at det kan komme etterregistrering av smittetilfeller fra lørdag 15. januar på mellom 5.000-8.000 tilfeller, melder Folkehelseinstituttet. Døgnantallet kan dermed være noe misvisende.

Fredag var 230 koronapasienter innlagt på sykehus. Det var 19 færre enn dagen før.

66 av pasientene ligger på intensivavdeling, og av dem får 46 respiratorbehandling. Det er fire færre på intensiv og fem færre på respirator sammenlignet med dagen før, ifølge Helsedirektoratets oversikt.

I alt har 596.613 personer nå testet positivt for korona i Norge, ifølge Folkehelseinstituttet.

Til sammen er 1414 koronasmittede personer døde i Norge siden mars 2020, viser foreløpige tall. Forrige døgnrekord for Norge var 21. januar 2022. Da ble det registrert 16 877 smittede.

Erik Støverud

Langt kjekkare koronatal

Dei daglege tala på registrerte smittetilfelle i Alver i kommune har vore rekordhøge denne veka.

Det toppa seg tysdag, med det som truleg er det høgaste smittetalet som er registrert på ein dag i Alver i løpet av pandemien. Då melde kommunen om 93 smittetilfelle.

Fredag var talet på smittetilfelle nede i 21 att, det same som måndag i starten av veka.

Slik er smittestatus i Alver kommune så langt denne veka (veke 3)

  • Fredag 21. januar: 21

  • Torsdag 20. januar: 80

  • Onsdag 19. januar: 84

  • Tysdag 18. januar: 93

  • Måndag 17. januar: 21

Erik Støverud

257 smittetilfelle på tre dagar

Torsdag melde Alver kommune om at dei har registrert 80 nye smittetilfelle.

Det betyr at kommunen har fått melding om 257 nye tilfelle på berre tre dagar.

Legg ein til dei 21 som blei registrerte på måndag, så har ein så langt 278 smittetilfelle i veke 3.

Slik er smittetala i Alver kommune så langt denne veka (veke 3)

  • Torsdag 20. januar: 80

  • Onsdag 19. januar: 84

  • Tysdag 18. januar: 93

  • Måndag 17. januar: 21

«Tysdag denne veka fekk vi meld 93 nye smittetilfelle. Smittetala er normalt høgare etter helg, og fleire av desse har testa positivt på hurtigtest i løpet av helga. Auken er venta, og speglar den nasjonale utviklinga», skreiv kommunen i sin vekesrapport på tysdag denne veka.

Kommunen hadde då registrert 225 smittetilfelle hos innbyggarar i perioden 12. til 18. januar.

PS: I Bergen kommune blei det torsdag sett smitterekord for tredje dag på rad. Kommunen har registrert 993 nye smitta det siste døgnet.