Dette er nokon av dei som var med på tur denne dagen. Margaret Stensen Tresvik, Unni Ystebø, Gerda Risnes, kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug, Tor Helge Sunnfjord og kreftkoordinator Tove Kristin Sleire Tistel. Foto: Monica Skjelanger Reknes

– Dette er eit fantastisk tilbod

Ut frå bilane på parkeringsplassen kjem det mange blide menneske i ulik alder. Alle har likevel noko til felles. Alle har hatt kreft eller er pårørande til kreftpasientar, og no skal dei gå tur saman.