Det var ikkje ein liten gjeng frå Nordhordland brann og redning som var i sving laurdag. Frå klokka 12 var tilsette på plass på brannstasjonane på Mastrevik, Manger, Modalen, Lindås – i tillegg til Knarvik senter.

– Alle tar imot tomflasker som går til Team Rynkeby, som går til inntekt til Barnekreftforeninga, seier brannsjef i Nordhordland brann og redning Karl Johannes Romarheim, som stod på Mastrevik då Strilen slo på tråden.

Julenisse Ole Kristoffer Tveiten er klar på kor viktig denne saka er. Foto: Politiet i Nordhordland

Politiet også med

Politiet i Nordhordland hadde frå før ransaka heile lensmannskontoret etter flasker og tomgods. Og det var ikkje småtteri den koffeintørste gjengen røska med seg frå nattevaktene.

«Vi vil også takka alle som i 2020 har teke med seg brus og anna drikke inn på lensmannskontoret og latt tomgodset liggje att. Vårt ynskje er dette no kan gjere kvardagen litt lettare for born og familiane deira som blir råka av kreft.», skriv dei på Facebook-sida si.

I tillegg til politiet har ambulansen vore med på aksjonen, og kom til dømes innom Mastrevik laurdag med pant.

Brannsjef Karl Johannes Romarheim er glad dei tilsette blei med på både utfordringa og dugnaden. Foto: Kjell Arne Steinsvik/arkiv

– Enorm givarglede

Romarheim og ein annan tilsett er engasjerte i Team Rynkeby, og då Nordhordland blei utfordra av både Austrevoll og Haugaland, ville dei ikkje vere noko dårlegare enn sine kollegaar i sør.

– Me drøfta det blant dei tilsette og det var frå første stund god stemning. Så no er me i brannmannskapet på dugnad, fortel brannsjefen, som like før klokka 13 hadde fylt tre store sekker med panteflasker.

Romarheim anslår at det grovt rekna utgjer 4000 kroner. Ambisjonen til brannvesenet er å samle inn like mange flasker som det er innbyggjarar i Alver, altså ca. 33.000.

– Det har vore ein enorm givarglede. Dette engasjerer folk, og dei som har vore innom har vore smilande, seier Romarheim, før han heldt fram;

– Det er godt å bidra, og ein grei måte for folk å kvitte seg med restane frå fjoråret.

Romarheim kunne seinare på kvelden fortelje til Strilen at dei hadde fått inn 150 sekker med panteflasker.