April i Bergen var rekordvarm, med 4-5 gradar over normalen på fleire stasjonar. No tek vêret en heilomvending.

For det neste døgeret har meteorologane sendt ut varsel om at det er venta mykje snø og farlege kjøreforhold i Hordaland.

– Det blir litt av ein overgang, det er ikkje unormalt med snøbyer i starten av mai, men det blir ekstra merkbart fordi det har vore varmt så lenge, seier statsmeteorolog Haldis Berge til Strilen.

Ho fortel at snøbyene allereie har komme enkelte stader i Hordaland torsdag kveld, og at det er venta å bli kaldare natt til fredag.

– Det kan bli så kaldt at snøen blir liggjande på bakken gjennom natta før han smeltar i løpet av morgondagen. Det kan føra til farlege kjøreforhold for dei som har bytt til sommardekk, seier Berge.

– Vil halda seg kjølig

Farenivået er gult, altså moderat fare. Meteorologane oppmodar bilistar til å ta seg ekstra god tid og bruka riktige dekk.

Berge har heller inga gladnyheit til dei som ønskjer å ta seg eit bad ute til helga.

– Det vil halda seg kjølig i lufta heilt til midten av neste veke. Laurdag vil det komma nye byer anten som regn eller sludd, og på søndag kan vi få ein ny runde, avsluttar statsmeteorologen.