Lei av alle korona-sakene? Her er fem fine saker å lese i helga

Vi har samla fem fine saker frå arkivet som du kan nyte i helga.

Publisert:
  • Kristina Bøland

Glen Marius dyrkar grønsaker i vatn

Ifølgje Meteorologisk institutt skal vi få ei fin helg med sol. Med fint vêr er det mange som bruker tida ute og klargjer hagen for våren og sommaren

I hagen til Glen Marius Bakken blir grønsakene dyrka på ein heilt spesiell metode, inspirert av NASA.

Prosjektet var god terapi for Glen Marius då han hadde det tøft psykisk.

Bli med inn i den unike hagen og kanskje plukk opp nokre tips her.

Saka blei publisert i Strilen sommaren 2019.

Foto: Anne-Lise Nordpoll

Vegen tilbake til eit verdig liv

Hege Quam frå Fjellsende i Alversund har levd eit tøffare liv enn dei fleste av oss. Livet handla kun om å skaffa seg ein dose for å fortrengja alt som var vanskeleg.

– Det var tøft å høyra jentungen min fortelja om livet med ei mor som rusmisbrukar.

Men Hege fekk ein ny sjanse i livet. Her kan du lese den sterke historia om vegen ut av rusen.

Saka blei publisert i Strilen i april 2019.

Foto: Lise Viken

Fann kvarandre i hagebryllaup

Nokon vil sikkert påstå at utandørsbryllaup på Vestlandet er ein risikosport, og med regn og vind dagane før var bruda Silje Ottesen Nesse litt nervøs for seremonien i Tjorhagen.

Men ho fekk finvêr og sin Håvard Trygve Stevnebø.

Klikk her for å lese saka og sjå video frå bryllaupet.

Saka blei publisert i Strilen juni 2017.

Foto: Sondre Villanger Håland

Jeanett overraska Jan Henrik med frieri på Kolåstoppen

Før bryllaup, kjem frieriet. I gammal tradisjon kan kvinner fri kvart fjerde år på skotårsdagen. Jeanett Steinsland bestemde seg for å gripe moglegheita, og lurte sin utvalde opp ein fjelltopp.

Les om det uniket frieriet og korleis det gjekk.

Saka blei publisert i Strilen 29.februar.

Foto: Privat

Dansemoves og intense kjærleiksintrigar

Ostereidet ungdomsskule diska opp med heftige dansemoves og intense kjærleiksintrigar i «Saturday night fever».

Trevor (15) kjende seg heime på den store scena i rollen som «Tony».

– Ja, eg elskar å synge, danse og spele teater. Dette er berre byrjinga.

Sjå video og stor bildeserie frå musikalsuksessen.

Saka blei publisert i Strilen i januar i år.

Foto: Anders Totland

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Eg måtte gå heilt i kjellaren for å finne kreftene

  2. Slik var opninga av sommarens utstilling

  3. – Deilig å gå på konsert no!

  4. Ho vil digitalisere det offentlege, men gler seg til møter utan webkamera

  5. Bakeriet flyttar frå skandalelokala og opnar «eit nytt kapittel»

  6. No blir årets Bjørn West Triatlon heildigital

  1. Strilen