Ein mann skal ha tatt seg inn i ei hytte. Nokre timar seinare gjekk han til angrep på politiet og blei sjølv skoten. Foto: Google Maps/skjermskot

Laurdag ettermiddag og kveld vart det sjeldan dramatisk på ei hytte i Seims-området i Lindås.

Politiet blei først varsla om eit innbrot i ei hytte rundt klokka 15. Det heile enda med – mange timar seinare – at ein mann gjekk til angrep på politiet. Han blei i staden skoten av politiet.

Politiet opplyste om hendinga i ei pressemelding natt til søndag.

Veit du noko om saka? desk@strilen.no eller Facebook/Messenger

Øks, deretter motorsag

– Laurdag ettermiddag hadde ein mann brote seg inn og tatt tilhald i ei hytte. Politiet blei varsla og rykte ut, opplyser politiet.

Då dei kom fram vart dei trua med øks, slik at dei måtte trekke seg tilbake. Det blei forsøkt å forhandle, men dialog førte ikkje fram.

Etter ei tid kom mannen ut av hytta med ei motorsag. Mannen starta motorsaga og gjekk mot politiet, slik at dei såg seg nøydd til å fyre av varselskot. Trass i det heldt mannen fram med å true med motorsaga, slik at politiet til slutt måtte skyte vedkommande, opplyser dei i pressemeldinga.

Det skjedde rundt klokka 22.50 laurdag kveld, noko som betyr kring åtte timar etter at politiet først fekk melding om innbrotet.

Grått og vått og knapt eit menneske å sjå på Seim søndag. Foto: Anne-Lise Nordpoll

– Alvorleg skadd

Mannen, som er i 30-åra, blei skoten i beinet og blei straks frakta til Haukeland sjukehus i ambulanse. Det er sagt at skadane skal vere alvorlege, men ikkje livstruande.

Spesialeininga for politisaker er rutinemessig varsla om hendinga.

Avhøyr søndag

Advokat Ellen Eikeseth Mjøs, som er leiar for Spesialeininga for politisaker i vest-Norge, opplyser til bt.no at dei vil avhøyra politbetjentane som var involverte i hendinga i løpet av søndagen.

– Vi skal reise til staden der dette skjedde, og vi har fått bistand til å få gjort kriminaltekniske undersøkingar, seier Mjøs til avisa.

Mannen som er på sjukehus har ikkje vore i stand til å bli avhøyrt endå. Politiet held ifølge BT vakt på sjukehuset, sidan mannen er pågripen.

Kartmarkøren under viser til Seims-området, men ikkje nøyaktig kor hendinga fann stad. Politiet har så langt berre sagt Seim i Lindås, men i tillegg til å vere ei bygd, er Seim også ei postadresse som rekker over eit større område.