Trafikkulukke på E39

Ein bil køyrde av vegen. Sjåføren vart sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Publisert:

Bilen låg i grøfta og hadde tydelege skadar då bilbergar kom til staden. Foto: Alle foto: Henrik Hauken

  • Siv Berg Lutro
  • Henrik Rambjør Hauken
Denne artikkelen er over ett år gammel

Måndag morgon melde politiet om ei trafikkulukke ved Eikangervåg på E39 i Lindås.

– Det er ein bil som har køyrt av vegen og ned i ei skråning, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Klokka 06.48 var både politi og brannmannskap på staden. Sjåføren skal vere vaken og bevisst, ifølgje politiet.

– Sjåføren blir køyrt til Haukeland universitetssjukehus. Han seier sjølv at han ikkje er skadd, men vi må få køyrt han til sjukehus for ein sjekk, fortel Magnussen.

Førarkort beslaglagt

Det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulukka.

– Vi veit ikkje årsaka, men sjåføren, ein mann i 80-åra, skal ha køyrt i fjellveggen på høgre side. Bilen skal så ha køyrt utfor på andre sidan av vegen, seier fungerande lensmann Ivar Holmaas ved Nordhordland lensmannskontor.

Politiet mistenker ikkje rus, men førarkortet er beslaglagt grunna hendinga.

Eit køyrefelt var stengt etter ulukka, men like etter klokka 0800 blei vegen opna att.

Foto: Henrik Hauken

Publisert:

Flere artikler

  1. NYHEITER

    Politiet har ein sterk mistanke om kva som skjedde før bilen krasja i fjellveggen

  2. NYHEITER

    Førarkort beslaglagt etter ulykke: – Glad ingen blei alvorleg skadd

  3. NYHEITER

    Mistenker ruskøyring etter alvorleg ulykke

  4. NYHEITER

    Nedslåande resultat i UP-kontrollar ved skular

  5. NYHEITER

    Mann laga kvalm på skysstasjonen – sendt i arresten

  6. NYHEITER

    Politiet hadde mange oppdrag i helga

Mest lest akkurat nå

  1. Slik såg det ut etter festen: – Trist!

  2. Slik kan det verte i Knarvik i framtida

  3. – Mykje klager frå heile distriktet

  4. – Vi kjem til å ha nye kontrollar 

  5. Båtfolket har lagt ned tusenvis av dugnadstimar i Mølla på Litlebergen

  6. «Morialeiren – Et mediestyrt føleri?»

  1. E39
  2. Trafikk
  3. Trafikkulykker