– Det skal gå for ein periode visst me fordeler arbeidet mellom dei fire som blir att, litt annleis. Men det blir heilt klart eit større press for dei som er att, og me vil bli veldig sårbare for sjukefråvær, seier pleie- og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preuße, som også er styrar på sjukeheimen.

Då ho presenterte pleie- og omsorgsbudsjettet for formannskapet tysdag, gjorde ho det klart at den reduserte bemanninga rådmannen ønskjer, berre er aktuell dersom dei klarer å driva forsvarleg, spesielt med omsyn til to- til ein-brukarane.

Blir det tvil om det, vil ho ha bemanninga opp i kommunestyret på nytt.

Reduserer grunnbemanninga

Nedbemanninga betyr at dei reduserer grunnbemanninga på sjukeheimen til fire sjukepleiarar på dagtid. Dette gjer dei ved å ikkje erstatta fleire sjukepleiar som er sjukemelde og ute i deltidspermisjon.

Pleie- og omsorgsleiar og styrar på sjukeheimen, Nadine Gutte-Preuße, forsikrar at dei skal klara nedbemanninga i ein periode visst behovet ikkje endrar seg på sjukeheimen. Foto: Privat

Kamilla B. Karlsen (Ap) lurte på kvifor ein vel å kutta akkurat på sjukepleiarane.

Til dette svarte Gutte-Preuße at det kort og godt er fordi det akkurat er sjukepleiarar som for tida er ute i permisjon. Hadde det vore andre, hadde ho gjort akkurat det same.

– Men det er sjølvsagt uheldig at det er sjukepleiarar, la ho til.

Marit Solbakk Øien (Frp) spurde korleis styraren kan forsvara denne nedbemanninga når dei har fleire to- til ein-brukarar og dei tilsette i desse korona-tider også må vera pårørande.

Må kutta «ekstra ting»

– Forsvarleg drift og god kvalitet på tenestene er diverre ikkje på lik linje. Men brukarane får det dei har krav på av stell og mat. God kvalitet er dei ekstra tinga me gjer i tillegg. Difor meiner eg det er rom for å gå ned med ein person i ein periode, seier Gutte-Preuße.

– Men kva med dei demente som blir kjempestressa av personalet spring frå den eine til dei andre, ville Solbakk Øien vita.

Gutte-Preuße forklarte at planen er å bruka aktivitøren meir på dei demente slik at dei blir aktiviserte og ikkje føler dei står åleine på stova.

Vil følgja tett opp

Solbakk Øien lurte også på korleis budsjettkabalen går opp når dei tre sjukepleiarane som for tida er ute i permisjon, kjem tilbake.

– Det har me tatt høgde for budsjettet, sa Gutte-Preuße.

Det var tydeleg at formannskapet ikkje syntest sjukeheimen er nokon god plass å kutta. Difor bad dei om tett oppfølging framover. Også rådmannen Gjermund Hagesæter tok høgde for at behovet kan endra seg og at dei må sjå på nedbemanninga på nytt.

– Men då sprekk budsjettet, sa han.

Budsjettet skal opp til endeleg avstemming i kommunestyret fredag 11. desember.