Det melder kollektivselskapet i ei pressemelding.

– Lågare prisar er eit resultat av byvekstavtalen, der regjeringa gjennom bompengeforliket har sett av pengar til billigare billettar på kollektivtrafikk i dei store byane. Gjennom Miljøløftet får bergensområdet 50 millionar i året i tilskot til dette i perioden 2020-2029, skriv Skyss.

Fylkestinget har vedtatt at pengane skal brukast til å gjere periodebillettar for buss og bybane billigare i heile Hordaland.

Prisen blir også uendra for enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og ombordtillegget, og dermed blir det altså ingen takstauke i takt med konsumprisindeksen, som normalen er kvart år, skriv selskapet.

Den godt brukte månadsbilletten – eller 30-dagarsbillett – kostar no 735 kroner mot 800 før. Foto: Cornelius Poppe

Ungdomsbillett i Vestland

Frå 15. januar er det også ein, felles ungdomsbillett som gjeld i heile Vestland fylke, i tråd med vedtak i fylkestinget i desember.

I praksis tyder dette at Skyss ungdomsbillett blir gyldig i tidlegare Sogn og Fjordane, medan Kringom ungdomskort blir gyldig i tidlegare Hordaland.

Prisen på ein 30 dagars ungdomsbillett blir 370 kroner, og går ned frå 400 ved Skyss og 375 ved Kringom.

Samtidig som desse prisane går ned, går prisen på Nordhordlandsruta, båtruta mellom Knarvik/Frekhaug og Bergen, opp med 2,5 prosent.