Kunne gå til båra sjølv etter kraftig smell

Bilane tok heldigvis verste støyten, då to bilar kolliderte på Fv57 like sørom tunnelen på Hundvin måndag morgon.

Publisert:

STOR SMELL: Ulukka skjedde like sørom Hundvinstunnelen klokka 07.42 måndag morgon. Foto: Gunn Berit Wiik

  • Gunn Berit Wiik
Denne artikkelen er over ett år gammel

Samanstøyten like før klokka åtte var mellom ein varebil og ein volvo, og det var berre ein person i kvar bil. Dei to bilførarane var menn, den eine i slutten av 20-åra og den andre i 40-åra.

Mannen i varebilen vart sendt til legevakta med sjukebil, medan den yngste sat fastklemd og måtte frigjerast av redningspersonell. Til alt hell kunne mannen gå til båra sjølv då han vart frigjort. Men luftambulanse vart likevel tilkalla. Ifølgje Haukeland universitetssjukehus sin presselogg, er 28-åringen innlagt med lettare skadar.

Politiet kan så langt ikkje seia noko om årsaka til ulukka, som skjedde like før klokka åtte måndag morgon.

Det blei mykje oljesøl og store materielle skadar på bilane. Difor blei vegen stengd ein periode til det var rydda opp.

Tysdag opplyste politiet at det er gjort eit førarkortbeslag knytt til ulykka. Det blei gjort åstadsundersøkingar på staden, men ingen av dei to involverte er så langt avhøyrde fordi dei begge blei frakta vekk av helse.

FULL ALARM: Også luftambulansen kom til staden. Foto: Gunn Berit Wiik

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. No er senteret på Lindås blitt eit skikkeleg nærsenter

  2. No har denne gjengen opna ny butikk

  3. «Koronabussen» stoppa på lokal kro

  4. Vil gå vekk frå kutt i matleveringa til eldre

  1. Trafikkulykker