Ein bil kjørte utfor vegen på Hopeflaten i Lindås måndag ettermiddag. Det melder politiet.

– Det er éin person i bilen, som har køyrd i autovernet. Han ikkje skal ha vore fastklemd, seier operasjonsleiar Terje Magnussen til Strilen.

Det er 80-sone på staden.

Brannvern på staden sikra bilen.

– Ein person er frakta i ambulanse. Bilen er sikra og det er rekvirert tauebil. Så den er ikkje kjørbar, seier vaktkommandør i 110-sentralen i Hordaland, Helge Lund.

Ulykka skjedde like før bensinstasjonen på Hope, på fylkesveg 57.

Personen blei frakta til Haukeland universitetssjukehus. Tilstanden er ukjent.

Politiet har vore på staden og etterforska ulykka. Av rutine opprettar dei sak på hendinga.