Gruppa meiner ny idrettshall på Ostereidet må prioriterast. Framlegget til ny idrettsplanen i Lindås kommune skal opp i kommunestyret denne månaden. Ostereidet bygdelag, idrettslaget og andre lag i området har ei klar melding til politikarane: Dei vil at fleirbrukshallen på Ostereidet skal løftast oppover på prioriteringslista.

Må prioriterast

– Fleirbrukshall på Ostereidet bør prioriterast som nummer to på lista over anlegg som skal byggjast i den neste fireårsperioden, seier Holsen.

I framlegget, som kommunen har utarbeidd, er rehabilitering av idrettsbana på Ostereidet (uteanlegget) prioritert som nummer tre på lista over anlegg som skal oppgraderast dei neste fire åra, medan fleirbrukshallen er plassert på langtidsprogrammet utan at det er sett noko årstal for når denne kan byggjast.

Det protesterer folk i bygda på. Dei meiner det er sterke argument for at hallen må byggjast no.

I vekst

Robert Lorang Hansen, Nina Johanne Eide, Øystein Hella Holsen og Eva Hindenes fortel at det er planlagt 250 nye bustadar i området, og at det alt i dag er 500 skulelevar som brukar idrettsbygget og idrettsbana på Ostereidet kvar veke.

– Ostereidet er områdesenter i kommunen. Det er ein samlingsstad for born frå Romarheim og Vikanes til Eikanger, Kløve og Myking, seier Holsen.

Dei meiner det vert heilt feil om folk frå dette området må reisa heilt til Knarvik for å få driva med ein del idrettar fordi dei manglar skikkeleg anlegg på Ostereidet.

– Dei som bur lengst vekke må kjøra fire mil éin veg for å koma til Knarvik, og gjennomsnittleg kjøreveg for brukarane i Ostereidet ungdomsskulekrins er 25 km til Knarvik, seier Holsen.

Betre for miljøet

Hansen fortel at idrettslaget opplever at ungdomsskuleelevane søkjer til Knarvik for å få dekka sine behov for idrett og aktivitet, og at aktivitetane og hallkapasiteten i Knarvik ikkje er dimensjonerte for å ta imot desse borna. Det er heller ikkje særleg hensiktsmessig verken for idrettsmiljøet lokalt eller miljøet generelt at folk må reisa så langt, i staden for å byggja opp tilbodet i nærområde.

– Alt kan ikkje skje i Knarvik. Me treng gode anlegg andre stader i kommunen også. All erfaring viser at anlegg skaper aktivitet. Anlegget på Ostereidet er gamalt og slite, og det gjer det vanskeleg for oss å halda oppe dei aktivitetane me ønskjer. Ta idrettskulen for eksempel. Me har ein gymsal i idrettsbygget, men den er så liten at me meiner det ikkje er forsvarleg å ta inn meir enn 35 born. Og sjølv om det er fleire som har lyst til å vera med, så må me seia nei til dei , seier Holsen.

Ein samlingsplass

Kora og korpset i bygda saknar også eit lokale som er stort nok og godt nok til at dei kan arrangera konsertar og anna.

– Det regnar trass alt store delar av året, og det at me ikkje kan ha idrettsaktivitetar og samla folk innandørs i særleg grad er eit stort problem, seier Holsen.

Nina Johanne Eide peikar også på at kunstgrasbana på Ostereidet er 15 år gammal og så sliten at den no består av meir gummikuler enn kunstgras.

– Heile anlegget her ber preg av at det treng ei kraftig oppgradering både ute og inne, seier ho.

Områdesenter

På Ostereidet er dei glade for at bygda vert framheva som områdesenter i ein ny storkommune. Det meiner dei er både riktig og viktig. Og dei peikar på at alle dei andre ungdomsskulekrinsane i den nye storkommunen har ein fleirbrukshall.

– I Meland har dei Meland aktiv og eit godt anlegg i Leirdalen, Knarvik har Nordhordlandshallen, på Lindås har du Lindåshallen og på Radøy har dei Radøyhallen og Hordabøhallen. På Ostereidet vil me ha Osterhallen. Det er vår tur no! seier Holsen.

Har laga skisser

Han peikar på at det finst ledig areal rundt dagens idrettsbygg på Ostereidet, som er i kommunen si eige, og regulert til føremålet, slik at det bør vera enkelt å få det til.

For å visa at dei meiner alvor har samarbeidsgruppa for fleirbrukshall på Ostereidet engasjert Link arkitektur til å teikna ei skisse som viser korleis ein fleirbrukshall kan plasserast.

– Den kan til dømes knytast saman med dagens bygg. Så kan ein byggja om eksisterande gymsal til garderobar og få ein ny hall med foajé, kontor og ved sidan av, forklarer han.

Holsen håpar at politikarane i kommunen vil lytta til dei, og gjera endringar i planen slik at fleirbrukshallen på Ostereidet får høgare prioritet.

– Me har gode politikarar, så me stolar på at dei ser behovet og gjer dei grepa som er nødvendige for å få dette til, avsluttar Holsen.