Det seier butikksjef Arne Alver på Spar Seimstrand. I morgon torsdag er det duka for nyopning av butikken. Stor visuell oppgradering er snart ferdig, og kundane vil heretter få ei annleis butikkoppleving når dei gjer unna handelen på Seimstrand.

— Me har ikkje hatt stengt, men eit slags "kaos-opent" der me har jobba med oppgraderinga utan å stengja butikken, seier Alver.

Strategisk arbeid

Etter nyopninga vil Spar Seimstrand vera ein butikk heilt i tråd med det nyaste og ypperste konseptet til Spar. Nytt skilt, lys i hyllene, ei generell opprydding og forbetring av butikkarealet har stått på dagsorden siste tida. Spar Seimstrand har ei trufast kundegruppa som brukar butikken fast, sjølv om det er relativt kort veg frå Seim til Knarvik og alle tilboda der.

— Me veit jo at me har ein viss handelslekkasje. Dei fleste seimarane jobbar andre stadar, og på veg heim køyrer dei forbi mange fine butikkar. Ei av hovudoppgåvene våre er difor å få endå fleire seimarar til å bruka vår butikk som prioritert matvarebutikk, seier Alver.

Lite handelshus

I kampen om kundane har ein på Seim òg valt å byggja opp eit aldri så lite handelshus. Medan lokalbutikkar flest ligg aleine, har Seimstrand to butikkar i huset. Søsterbedrifta tilbyr alt frå hage- og landbruksprodukt til leikar og pynteting.

— Dette er heilt klart ein styrke for oss. Kundane våre kan gjera fleire innkjøp på Seimstrand enn det som er vanleg i ein typisk lokalbutikk, seier Alver.