Første rundtur på Leirvåg-Sløvåg-sambandet gjekk ut tysdag morgon.

«På grunn av hviletid blir første tur kl. 05:50 innstilt. Det utføres ordinær rute fra og med Sløvåg kl. 06.45», melder Fjord1.

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål? Send ei melding her:

Send melding
Erlend Nordland Kristiansen

Mundalsbergtunnelen blei stengd

E39 Mundalsbergtunnelen mellom Knarvik og Leknes var stengt ei lita stund i ettermiddagsrushet tysdag.

– Stengt på grunn av påkøyrt høgdeavgrensar som heng ned over eine køyrefeltet. Entreprenør er på veg, melde Vegtrafikksentralen klokka 15.47.

Under 20 minutt seinare melde dei om fri ferdsel igjen.

Erlend Nordland Kristiansen

Tilbake i normal drift

Ferjesambandet over Masfjorden er no tilbake i normal drift, melde Wergeland klokka 15.17.

Ferja var på service i to veker (veke 15 og 16), men då den kom i drift igjen måndag morgon hadde den redusert fart på grunn av tekniske problem.

Martin Hjellestad

Bil hamna på taket i Gulen

Like etter klokka 06.30 tysdag morgon fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt i grøfta og deretter hamna på taket.

– Bilen blei liggande midt i vegen, men er no flytta ut på sida. Det var berre førar i bilen, som er ute av bilen og uskadd, melde politiet.

Ulykka skal ha skjedd i området Hovden, som er nokre kilometer aust for Sløvåg og like ved grensa til Masfjorden kommune.

– Bilførar ringde sjølv om hendinga. Bilen kom utanfor vegskulder etter ein manøver inne i bilen. Ingen nødetatar rykte ut. Bergingsbil er rekvirert, melde politiet klokka 07.14.

Eirik Langeland Fjeld

Rykte ut til brann i brakke

110-sentralen melde om hendinga klokka 20.18 måndag kveld.

Det hadde då komme inn melding om røyk frå taket i ei brakke/kontorrigg i Sløvåg i Gulen kommune.

Klokka 20.52 kunne brannvesenet opplyse at brannen var sløkt, og at det gjekk føre seg utlufting av det aktuelle bygget.

Røykdykkar hadde då vore inne for å kontrollere bygget.

Martin Hjellestad

Valdshending på Frekhaug: – Langt frå kva vi kan akseptere

To personar skal ha oppsøkt ei privatadresse på Frekhaug og utøvd vald natt til søndag.

– Det var to personar i huset, som blei utsette for vald. De mistenkte forlét så staden, og dei fornærma blei frakta til legevakta for behandling, seier Ivar Holmaas i politiet.

To personar er arrestert etter hendinga.

– Hendinga skjedde i 2-tida på natta, og to personar blei arrestert før klokka 7 på morgonen og køyrt til arresten i sentrum.

Ein av personane er avhøyrt, og ein anna skal bli avhøyrt, ifølgje Holmaas.

– Dette er langt utanfor kva vi kan akseptere, og i alle fall kva folk skal oppleve. Det er alvorleg når nokon oppsøker ei privatadresse og utøver vald, seier Holmaas.

Saka er under etterforsking, og ein av dei mistenkte har fått besøksforbod.

Martin Hjellestad

Kabelferja går med redusert fart

Kabelferja i Masfjorden kom tilbake i drift måndag morgon etter to veker på service hos Solund Verft. No melder Wergeland om tekniske problem.

I ei melding skriv dei at ferja vil gå med redusert fart.

– Det vil difor oppstå forseinka avgang og ankomst. Me beklagar ulempene dette medfører, skriv Wergeland.

Vanlegvis tek ferja om lag ti minutt over fjorden.

Martin Hjellestad

Straumbrot i Gulen

Like etter klokka 8 måndag morgon mista fleire straumen i Gulen.

Ifølgje BBK sitt straumkart, blei 632 kundar råka.

– Vi arbeider med feilsøking, skriv BKK.

I 10-tida var straumen tilbake.

Martin Hjellestad

Bussjåfør slått av passasjer

Like før klokka 01.30 natt til måndag rykte politiet ut til Knarvik etter melding om at ein bussjåfør hadde blitt slått til.

– Mistenkte sov då bussen var framme på endestoppet, og då han blei vekt av bussjåføren slo han til sjåføren, melde politiet.

Nokre minutt seinare var politiet på staden.

– Bussjåføren slo tilbake då han blei slått, og partane vurderer å melde kvarandre til politiet i ettertid. Politiet opprettar ikkje sak, opplyser operasjonsleiar Steinar Hausvik.

Martin Hjellestad

Tatt for ruskøyring på Holsnøy

Politiet melde at dei har stoppa eit køyretøy der føraren står fram som openbert rusa.

Ifølgje dei blei føraren stoppa etter meldingar frå observante medtrafikantar.

Martin Hjellestad

Skorsteinsbrann i Alver

Klokka 16.14 melde 110 Vest at dei var på veg til Sæbøvegen på Radøy.

– Melding om skorsteinsbrann. Brannvesen fram for kontroll, opplyste 110 Vest.

Klokka 16.29 blei det oppdatert om at brannvesenet var fremme, men at dei verken kunne sjå røyk eller eld.

Erlend Nordland Kristiansen

Tilbake på måndag

Foto: Anders Totland

Masfjorden kommune opplyser at kabelferja «Fjon-M» vil vere tilbake i rute ved oppstart måndag morgon frå Duesund.

Då har den vore ute av drift i 14 dagar.

«Fjon-M vert slept frå Solund Verft søndag og tilbakestilt i wirer når ho kjem til Duesund. Når Fjon-M er tilbake i wirer og testkjørt søndag, vil ferja starte opp ruteproduksjonen igjen», skriv kommunen.

For nokre dagar sidan gjekk ordførar Erlend Kvamsdal hardt ut mot den langvarige ferjestansen, pluss at dei fekk beskjed om dette kort tid i førevegen.

– Me er svært misnøgde med at me no ikkje har ei ferje. Dette går utover beredskap, samhaldet og aktivitetar i kommunen. Det går veldig utover innbyggjarane våre.

Erlend Nordland Kristiansen

Risnes bru blir stengt i eitt døgn

Foto: Henrik Hauken

Masfjorden kommune melder at Risnes bru på Fv. 570 i Masfjorden vil bli stengt i eitt døgn frå onsdag 24. april klokka 21 til torsdag 25. april klokka 21 i samband med fuktisolering og asfaltering.

«Vestland fylkeskommune varslar om den planlagde stenginga, og informerer om at det denne gangen ikkje vert mogleg å passere brua under arbeidet til fots eller med sykkel», skriv kommunen.

Omkøyring blir skilta.

Det er også fare for at arbeidet kan gå ut om vêrforholda ikkje er ideelle.

Foto: Skyss
Erlend Nordland Kristiansen

Bilførar sendt i arresten

Foto: Erlend Kristiansen

Eit stort oppbod frå dei ulike nødetatane var til stades under trafikksikkerheitsdagen i Knarvik torsdag – og like etter at arrangementet var ferdig måtte politiet i aksjon.

Det heile enda med at ein bilførar vart sendt til arresten.

Erlend Nordland Kristiansen

Bilbrann på Frekhaug

Litt før klokka 22 torsdag kveld fekk politiet melding om brann i eit køyretøy i Frekhaug-området.

– Bilen skal ha tatt fyr under køyring og det skal ha vore opne flammer. Det blei brukt pulverapparat, les Ivar Holmaas i NH-politiet opp frå politiloggen.

Det er ikkje oppgitt at nokon kom til skade.

Rutinemessig har politiet oppretta sak på hendinga.

Erlend Kristiansen, Martin Hjellestad

To tunnelar stengt

Klokka 16.04 melde Vegtrafikksentralen at både Espelandstunnelen og Herlandstunnelen på Fv. 57 ved Seim er stengt.

Dette på grunn av eit vogntog som treng bergingshjelp.

Dei estimerer at tungbilbergar er framme om cirka ein times tid, det vil seie rundt klokka 17.

Strilen oppdaterer

Erlend Nordland Kristiansen

Alle har fått straumen att

Nesten 2000 mista straumen i Radøy og Austrheim rundt klokka 20.30. Dei fleste fekk den att innan rimeleg tid – og innan to timar hadde også dei resterande 84 i Hella-området fått den att.

Erlend Nordland Kristiansen

Ambulanseoppdrag på ferja

På grunn av eit ambulanseoppdrag vart ferjeavgangen frå Sævrøy klokka 21.55 forseinka med rundt 20 minutt tysdag kveld.

Det får likevel ikkje store ringverknadar for ferjetrafikken, då dette var kveldens siste tur.

Martin Hjellestad

Radøy/Austrheim: Stort straumbrot

Foto: BKK straumkart

Klokka 20.30 mista fleire på Radøy, men også nokon i Austrheim, straumen.

BKK melde på sine heimesider at 1948 abonnentar var påverka.

Det var då ikkje oppgitt kva som er grunnen til straumbrotet.

BKK melde at brotet var forventa løyst innan klokka 23.30.

Allereie klokka 21.28 har nærmast alle fått tilbake straumen. Berre 84 hus og hytter i Hella-området står utan straum.

Martin Hjellestad

Innstiller avgangar frå Fedje

SMS frå Fjord1/Skyss.

I ein melding frå Fjord1 skriv dei at to avgangar mellom Fedje-Sævrøy blir innstilt i kveld.

Årsaka skal vere nødvendig vedlikehald.

Dette gjeld avgangar klokka 19.50 frå Fedje, og frå Sævrøy klokka 20.30.

Erlend Kristiansen

Flatøy-ulykka: Ikkje overvekt og fekk lappen att

Gravemaskina ramla av hengaren i rundkøyringa. Foto: Erlend Kristiansen

8. april skreiv Strilen om ei trafikkulykke på Flatøy, der ein hengar med gravemaskin kvelva i rundkøyringa. Ingen kom til skade i hendinga.

Dagen etter melde Strilen, etter å ha snakka med politiet, at det var tatt førarkortbeslag, i tillegg til eit sitat på at det var «tydeleg overvekt» i samband med ulykka.

Det rette er at det vart tatt eit midlertidig beslag, men at føraren straks fekk førarkortet att. Det var heller ikkje overvekt, slik politiet sa og Strilen melde.

Det var ein traktor som drog hengaren og gravemaskina, noko den og føraren hadde anledning til innanfor vektgrensene.

Traktorføraren har likevel fått eit ordinært førelegg på 8000 kroner etter ulykka, som har blitt vedtatt.