Dag Erik Hagesæter er ferdig som leiar av Alver FrP, og som styremedlem i Vestland Frp. Det kjem fram i ei pressemelding frå partiet på Facebook tysdag ettermiddag.

Bakgrunnen er reaksjonar han har fått etter at han publiserte følgjande kommentar på Facebook: «Dersom kvinner vil tjene like mykje som menn, må de begynne å jobbe som menn.» Dette innlegget er no fjerna frå Facebook.

– Eg beklagar at eg la det ut, og skjønner reaksjonane. Eg står ikkje inne for innhaldet, skriv Hagesæter i pressemeldinga.

Hagesæter ønsker ikkje å kommentera saka til Strilen no.

– Det er ikkje naturleg at eg uttaler meg no, seier han og viser til pressemeldinga som er skrive av nestleiar i Alver Frp, Nina Stabell Øvreås.

– Ikkje noko vi kan stå bak

Alver Frp har rundt 150 medlemar. Øvreås tek no over leiarvervet.

Ho seier at Hagesæter sitt omdiskuterte Facebook-innlegg provoserte mange i partiet.

– Alver Frp reagerte på det som stod i innlegget. Det er ikkje noko vi kan stå bak. Derfor blei det ein oppheita diskusjon på siste styremøte der han sjølv innsåg at det beste var å trekka seg, seier ho til Strilen.

– Ønsket styret i Alver Frp at han skulle trekka seg som følgje av innlegget?

– Ja, men det var han sjølv som trekte seg, vi pressa han ikkje, hevdar ho.

Dag Erik Hagesæter har vore leiar for Alver Frp det siste året.

– Vi har hatt eit veldig godt forhold til han. Det er berre denne saka som har vore problematisk, seier Øvreås.