Norge er dermed visstnok det første landet i Europa som rullar ut løysinga i full skala, melder Statens vegvesen på nettsidene sine.

Ordninga trer i kraft frå tysdag 1. oktober og gjeld for 2,2 millionar nordmenn.

Appen, som heiter «Førerkort», er tilgjengeleg på Apple store og Google play.

Det digitale førarkortet er gyldig dokumentasjon på førarrettane dine og gyldig som legitimasjon dersom du blir stoppa i trafikkontroll. Du treng ikkje å ha med plastkortet i tillegg.

Har du derimot ikkje alt på stell ser appen slik ut. Foto: Førerkort-appen

Det digitale førarkortet er likevel berre gyldig i Noreg, og skal du leige bil, enten i Noreg eller i utlandet, må du framleis i ein periode vise fram plastkortet.

Det vil framleis bli utskrive fysisk førarkort, både til dei som får førarkort for første gong og ved fornying.