Ein mann var tiltalt for å ha slått kjærasten sin i Gulen.

Då han nyleg møtte i retten erkjente han seg ikkje skuldig.

Var stressa og sint

Hendinga skjedde i 2017. Den fornærma kvinna skal først ha slått tiltalte med handflata, fordi ho var «stressa og sint».

I retten forklarte mannen at han då reagerte på refleks og løfta armane. I den eine handa heldt han ein drill.

Etter dette skal kvinna ha kjent eit slag i ansiktet, men ho er usikker på om det var handa eller drillen som trefte henne.

Brot i augehola

Kort tid etter hendinga skal ho ha oppsøkt lege og fått konstatert brot i augehola. I legeerklæringa står det at det ikkje var nødvendig med etterkontroll og at skaden ville gro av seg sjølv.

Retten meiner kvinna si forklaring var truverdig, og at ho verken forsøkte å auke mannen si skuld eller bagatellisere den.

Både tiltalte og fornærma har forklart i retten at hendinga gjekk veldig fort. Det var ikkje kvinna sjølv som melde hendinga til politiet.

Retten meiner at mannen sin forklaring, om at skaden blei påført ved ein refleksreaksjon, var sannsynleg. Han blei frifunnen for brot på paragraf 273 i straffelova.