– Knarvikmila består i dag av ei rekke arrangement året rundt, og då er eit samarbeid med lokalavisa viktig, seier dagleg leiar i Knarvikmila, Trond Andal.
Styrke kvarandre
Han har stor tru på kva Knarvikmila og Strilen kan få til saman.
– Vi har snakka saman og funne ut at begge brenn for å sette farge på regionen. Det gjer vi best gjennom å samarbeide, forsterke arrangement vi allereie har og kanskje skape noko nytt, seier Andal, og legg til:
– Allereie i april får nordhordlendingane sjå resultat av kreative samtalar, og vi ser fram til å røpe detaljane i dette.
Også i Strilen er det god det stemning.
– Eg er særs nøgd med at Knarvikmila og Strilen no skal arbeide saman og styrke kvarandre, seier ansvarleg redaktør i Strilen, Eirik Langeland Fjeld.
Knarvikmila delte ut 125.000 kroner til Vardesenteret
Stolpejakta vart ein braksuksess
Slepp nyhende i vår
Avtalen mellom Knarvikmila og Strilen handlar om eit felles opplegg for å profilere kvarandre.
– Men vi har allereie no nokre spanande planar som vi vil gjere kjend tidleg i vår. Alle som likar å vere i bevegelse kan gle seg, seier Fjeld løyndomsfullt.
Avtalen mellom Knarvikmila og Strilen er kommersiell og rører ikkje ved prioriteringane i redaksjonen i Strilen.
– Knarvikmila og Strilen er to av dei best kjende merkevarenamna i Nordhordland og Gulen. No har vi laga ei avtale som gjer at vi kan spele kvarandre endå betre, seier Anita Sandal Lærum, dagleg leiar i AS Lokalavisene, selskapet som eig lokalavisene Strilen, Bygdanytt, Vestnytt og Askøyværingen.