Brannmannskap om bord på Dubai Harmony ved Stureterminalen i Øygarden seier til NRK at brannen er sløkt.

Dei første meldingane om brannen kom klokka 10.59 fredag. Det vart meldt om røykutvikling frå maskinrommet på skipet.

Det skulle vere kring 40.000 kubikkmeter med olje om bord i skipet, men det vart ikkje meldt om lekkasje.

23 personar om bord hjelpte til i sløkkearbeidet.

102 personar var på Stureterminalen då brannen braut ut, ifølgje Equinor. Forutan 22 personar med beredskapsoppgåver vart alle evakuerte frå terminalen.

Skipet ligg til kai ved Stureterminalen i Øygarden. Foto: Redningsselskapet / Redningsselskapet

Stureterminalen får råolje frå nordsjøen gjennom oljeleidningar. Olja vert lagra i tankar på terminalen, og blir så skipa ut med tankskip. Kaianlegget har kapasitet til skip på opptil 300.000 daudvekttonn. Det kjem rundt 120 tankarar til Stureterminalen årleg, ifølge Vestnytt.

Det var utanfor Stureterminalen, på Hjeltefjorden, at KNM «Helge Ingstad» og tankskipet MT «Sola TS» kolliderte november i fjor.

Frå Skjelanger i Meland til Stureterminalen er det kring fire kilometer i luftlinje, medan det er knappe seks kilometer til Toska på Radøy.